Rajapakse-parti proklamerer siger

Partiet til den sitjande presidenten Mahinda Rajapakse seier dei har sigra i parlamentsvalet på Sri Lanka.

Sri Lankas president Mahinda Rajapakse

Sri Lankas president Mahinda Rajapakses parti ser ut til å ha vunne parlamentsvalet på Sri Lanka.

Foto: Sri Lankan President's Office / Scanpix/AP
Avisene på Sri Lanka har valet som hovudoppslag.

Avisene på Sri Lanka har parlamentsvalet som hovudoppslag.

Foto: LAKRUWAN WANNIARACHCHI / AFP

Representantar for partiet seier at dei kjem til å vinne med klar margin, men at dei mset truleg ikkje vil få to tredels fleirtal.

Partiet UDFA, United People's Freedom Aliance, blir leidd av presidenten, som truleg har fått ekstra mykje støtta takka vere den militære sigeren over den tamilske separatistorganisasjonen ETA i fjor.

Men valet har vore skjemt av vald og truslar om valdsbruk. Senter for overvaking av vold under valet (CMEV) har registrert 286 valdsepisodar i løpet av dei ni timane vallokala på Sri Lanka var opne.

Eine skyteepisode mellom tilhengjarar og motstandarar av regjeringa i den sørlege delen av landet tidleg i år førde til at ein bil vart øydelagd, men ingen menneske vart såra. Dei fleste klagene retta seg mot tilhengjarane av UDF.

Valkampen har likevel vore roleg etter srilankisk standard. Ein person er drepen, og og det er rapportert om 340 tilfelle av vald før sjølve valdagen.

Det var på førehand venta at presidenten sitt parti ville vinne ein klar siger. Opposisjonen er splitta og dårleg organisert.

President Rajapakse vann presidentvalet i januar i år med klar margin.

LES OGSÅ: Utsetter rettssaken til Fonseka

LES OGSÅ: Fonseka for krigsrett

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt