NRK Meny
Normal

Radioaktivt materiale vekke – fryktar at IS kan lage «skitten bombe»

Irak leitar etter eit svært farleg radioaktivt materiale som er stole frå eit oljeanlegg i landet. Irakiske styresmakter fryktar materialet kan bli brukt som våpen dersom IS får tak i det.

Islamsk stat

FRYKTAR IS: Irakiske styresmakter fryktar radioaktivt materiale kan kome i hendene på terrorgruppa IS, her frå Raqqa i fjor sommar.

Foto: Uncredited / Ap

Det radioaktive materialet er lagra i ein spesialboks på storleik med ein laptop. I november i fjor vart det stole frå ein oljeinstallasjon i nærleiken av Basra sør i landet, ifølgje eit dokument som har blitt lekka frå det irakiske miljøverndepartementet, og som nyheitsbyrået Reuters har fått tilgang på.

– Vi fryktar at det radioaktive materialet kan kome i hendene til IS. Dei kan bruke det til å lage ei «skitten bombe», seier ei ikkje namngitt irakisk tryggingskjelde som har kjennskap til tjuveriet, ifølgje avisa The Independent.

Ei «skitten bombe» er ei bombe med vanleg sprengstoff som blir brukt til å spreie radioaktivt materiale.

Har tilbydd assistanse

Materialet består av iridium-192, som er klassifisert som radioaktivt materiale av kategori 2 av Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA). Det betyr at det kan vere dødeleg for alle i umiddelbar nærleik av det i løpet av nokre dagar eller timar.

IAEA har vore kjent med saka sidan november, etter å ha blitt informert av irakiske styresmakter. IAEA har tilbydd Irak assistanse, men førebels har ikkje styresmaktene i landet bede om hjelp, opplyser IAEA.

Laster Twitter-innhold

USA: Kjent med at materialet var vekke

Utanriksdepartementet i USA òg har vore klar over at det radioaktive materialet har forsvunne, men opplyser at dei ikkje har teikn på at IS eller andre militante grupper har fått tak i det.

– Vi har ingen indikasjonar på at det radioaktive materialet er kjøpt av IS eller andre terrorgrupper i regionen, seier talsmann Mark Toner.

Han vil ikkje kommentere om materialet kan vere eigna til bruk i ei såkalla «skitten bombe».

– Vi tek sjølvsagt rapportane på alvor, og held fram med å overvake situasjonen, seier Toner.

Leiter «dag og natt»

Ifølgje ein tryggingsoffiser i Irak tyder den innleiande etterforskinga på at gjerningspersonane hadde spesifikk kunnskap om korleis dei skulle handtere materialet, og også kor det vart lagra.

– Det var ikkje noko teikn til innbrot, ingen øydelagde låsar eller dører.

Ein talsmann for tryggleiken i Basra-provinsen seier forsvaret, politi og etterretning har jobba dag og natt sidan november for å finne det radioaktive materialet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt