Hopp til innhold

Rabbinarar gav koranen som gåve

Seks israelske rabbinarar overleverte i dag fleire eksemplar av koranen som gåve til ein moskè på Vestbreidda, som vart utsett for hærverk i går.

Rabbinarar overleverte koranar som gåve til den vandaliserte koranen.

Deo seks rabbinarane overleverte koranen til moskeen som ei solidaritetshandling.

Foto: HAZEM BADER / Afp

Ein rabbinar og ein palestinar klemmer kvarandre.

Ein rabbinar og ein palestinar klemmer kvarandre ved den vandaliserte moskeen i Beit Fajjar.

Foto: MUSA AL-SHAER / Afp

Augevitne har fortalt at det var jødiske busetjarar som tidleg i går først gjorde hærverk på moskeen, før dei sette fyr på bygningen. Dei sette også fyr på fleire eksemplar av koranen, muslimane si heilage bok.

Sterke reaksjonar

Angrepet har vekt sterke reaksjonar i dei palestinske områda, men også i Israel.

Både israelske og amerikanske styresmakter har fordømt skjendinga av moskeen på det sterkaste.

Også mange av busetjarane på Vestbreidda har fordømt det som skjedde i morgontimane i går, trass i at alt tyder på at det var deira eigne som stod bak.

Dei seks rabbinarane bur alle i busetjingar på Vestbreidda. I dag reiste dei til Beit Fajjar ved Betlehem for å vise solidaritet med dei palestinske muslimane som i går opplevde å få moskeen sin vandalisert.

LES OGSÅ: Moské vandalisert på Vestbreidda

- Terrorhandling

Israels nye forsvarsminister Ehud Barak

Vandaliseringa av moskeen var ei terrorhandling, seier forsvarsminister Ehud Barak.

Foto: JACK GUEZ / AFP

Fleire hundre palestinarane ynskte rabbinarane velkomen då dei kom til landsbyen i skotsikre firehjulstrekkjarar med israelske soldatar som vakter.

Ein imam og guvernøren i Betlehem viste dei seks rabbinarane rundt i moskeen, slik at dei fekk sjå med eigne auge kor omfattande hærverket var. Moskeen er delvis nedbrend, og det er måla antimuslimske slagord på veggane.

Israels forsvarsminister Ehud Barak sa i går at angrepet på moskeen i Beit Fajjar var ei terrorhandling.

SISTE NYTT

Siste nytt