Hopp til innhold

Qantas vil fly A380 frå laurdag

Qantas vil ta i bruk dei største flya sine igjen etter eksplosjonen i ein motor som tvinga fram ei naudlanding 4. november.

Qantas vil fly igjen

Eit Qantas A380-fly tar av frå Airbus-fabrikken i Hamburg 17. november. No er dei snart i drift igjen.

Foto: Axel Heimken / Ap

Qantas-sjef Alan Joyce

Qantas-sjef Alan Joyce seier han er komfortabel med å sende flya opp i lufta igjen.

Foto: TORSTEN BLACKWOOD / Afp

Flyselskapet ventar å ha fire av Airbus A380-flya sine i bruk før jul. Dei vil derimot halde flya unna nokre ruter for å gjere vidare utskiftingar på motorane.

Qantas sette seks A380-fly på bakken etter at eit fly på veg frå Singapore til Sydney måtte snu då det mista store deler av motoren over den indonesiske øya Batam 4. november.

Laurdag 27. november vil det første flyet vere i lufta igjen, seier Qantas-sjef Alan Joyce til avisa The Australian.

– Vi er fullstendig komfortable med flya våre, seier han.

Han seier det heller ikkje påverkar ei bestilling av to nye A380-fly som skal vere klare til levering neste år.

Qantas er rekna for å vere det tryggaste flyselskapet i verda. Dei har ikkje hatt ulukker med dødsfall på meir enn 90 år.

Store delar av motoren fall av i lufta

Store delar av motoren fall av i lufta.

Foto: ROSLAN RAHMAN / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt