Hopp til innhold

Pytonslange slukte hjortedyr

Vi har høyrt historier om pytonslangar som sluker dyr heile. Denne slangen nøydde seg ikkje med smådyr.

Pytonslange slukte hjortedyr

Denne pytonslangen har slukt eit hjortedyr heilt.

Foto: EBU-foto

Pytonslange slukte heilt hjortedyr

Eit fullvakse antilopeliknande hjortedyr vart pytonslangen sitt offer i ein dyrepark i den indiske delstaten Andhra Pradesh denne veka.

Slangen greidde å kome seg inn i innhegninga til hjortedyra, og dyret var sjanselaust mot den krypande slukhalsen.

Og hjortedyret, med lange horn, viste godt i magen til pytonslangen.

Hjortedyr slukt av pytonslange

Det var eit hjortedyr av denne typen som vart slukt av pytonslangen.

Foto: EBU

Etterpå var han så mett at han ikkje greidde å røre seg, han kom berre med nokre skikkelege geisp. Kanskje forstod han etterkvart at han hadde forsynt seg vel grovt denne gongen.

Leiinga i dyreparken seier at dei har gjort alt dei kan for å hindre at slikt skal skje, men at pytonslangen truleg har greidd å kome seg inn til hjortedyra gjennom eit hol i gjerdet dei ikkje har oppdaga.

Den overmette og rørslehemma slangen vart pakka i ein sekk og køyrt ut i jungelen. No skal han prøve eit liv utanfor murane til dyreparken.

Pytonslange slukte hjrotedyr

Etter måtidet var ikkje pytonslangen i stand til noko anna enn å geispe.

Foto: EBU

SISTE NYTT

Siste nytt