Hopp til innhold

Putin: – Vesten ansvarleg for krigen i Syria

Russlands president Vladimir Putin seier i eit intervju med fransk fjernsyn i kveld at Vesten er ansvarleg for krigen i Syria, og for framveksten av radikalt islam generelt.

Russlands president Vladimir Putin.

Russlands president Vladimir Putin gir vestlege land skulda for borgarkrigen i Syria.

Foto: Ivan Sekretarev / Ap

Putin seier også i intervjuet at dei franske og amerikanske skuldingane om at Russland har gjort seg skuldig i krigsbrotsverk i Syria, berre er retorikk.

Både den franske presidenten François Hollande og Tysklands statsminister Angela Merkel snakka med Putin på telefonen i dag, Begge oppmoda den russiske presidenten om å bidra til ei ny våpenkvile i Syria.

– Spesielt USA

I Intervjuet med fjernsynsstasjonen TF1 sa Putin blant anna dette:

Francois Hollande

Frankrikes president François Hollande sa nyleg at han tvilte på at Vladimir Putin var velkomen til Frankrike.

Foto: Reuters

– Eg er djupt overtydd om at det var våre vestlege partnarar, og spesielt USA, som er ansvarleg for situasjonen i Midtausten, og spesielt i Syria.

Intervjuet med Putin vart gjort i går, men gjekk ikkje på lufta før i kveld.

Putin sa at skuldingane om Russland har gjort seg skuldig i krigsbrotsverk ikkje har rot i det verkelege livet, og at dei tek ikkje utgangspunktet i situasjonen på bakken i Syria

Forholdet mellom Russland og Frankrike er på eit lågmål. Putin avlyste eit offisielt besøk til landet. Dette skjedde etter at Hollande i eit intervju at han var usikker på at Putin var velkomen til Frankrike.

Russland la i Tryggingsrådet i FN tidlegare i månaden ned veto mot eit fransk forslag til våpenkvile i Syria, der det blant anna vart kravd slutt på bombinga av Aleppo.

– Partnarane våre burde ikkje vere fornærma over vetoet vårt i Tryggingsrådet, det er vi som har grunn til å vere fornærma, sa han blant anna i intervjuet i kveld.

Bombing av Aleppo

Utanriksminister Jean-Marc Ayrault sa nyleg at Den internasjonale straffedomstolen ICC burde etterforske Russland for moglege krigsbrotsverk i Syria. Det er særleg den kraftige bombinga av den austlege delen av Aleppo som har ført til dei sterke reaksjonane.

Bombing i Aleppo.

Dei harde bombeangrepa mot det austlege Aleppo har ført til ein kaldfront mellom Russland og fleire vestlege land.

Foto: Uncredited / Ap

Trass i den harde retorikken mellom partane vil USA og Russland i helga gjere eit nytt forsøk på å få i stand ei våpenkvile i Syria. Det er klart at utanriksminister Sergej Lavrov skal representere Russland i samtalane i sveitsiske Lausanne, medan utanriksminister John Kerry stiller frå USA.

Også Tyrkia, Saudi-Arabia og Qatar delta i samtalane.

Den franske åpningen lukker seg for Russland: Isfront etter Syria-nei Denne «bromancen» bør skremme både USA, EU og Nato

– Ikkje møte Lavrov-Kerry

Amerikanske styresmakter har stadfesta av Kerry reiser til Lausanne, men understrekar at det ikkje blir noko møte mellom Kerry og Lavrov på tomannshand.

USA trekte seg tidlegare denne månaden frå samtalane med Russland om våpenkvile i Syria og skulda landet for uansvarleg støtte til den syriske presidenten Bashar al-Assad og hanns regime.

SISTE NYTT

Siste nytt