Hopp til innhold

Putin: – Ja, eg er forelska

Med ein litt småflau latter letta Russlands president Vladimir Putin så vidt på sløret, og fortalde om kjærleikslivet. – De treng ikkje uroe dykk, var beskjeden frå Putin.

Putin har funnet kjærligheten på ny, etter at han i fjor skilte seg fra kona Ljudmila Putina etter tretti års ekteskap. Men han ville ikke si hvem vedkommende er.

Etter at Vladimir Putin vart skilt frå kona si i fjor har rykta svirra. Har han fått seg ny kjærast? Under dagens årlege pressekonferanse kunne Vladimir Putin slå fast at, jau då, han er ikkje heilt utan kjærleik i livet sitt.

RUSSIA-VOTE-PUTIN

Putin og eks-kona Ludmila skilte lag i fjor etter fleire år med skilsmisserykte.

Foto: DMITRY ASTAKHOV / AFP

– Etter det som skjedde i fjor (skilsmisse journ.anm), spurte ein ven av meg: «Har du kjærleik i livet ditt?». Eg svara «Ja». Han spurte vidare «Er det nokon som elskar deg tilbake?». Eg svara «Ja». Så sa venen min «Takk Gud». Så drakk han litt vodka, og eg sa «Du treng ikkje uroe deg for meg», sa Putin til latter frå salen.

RUSSIA MEDIA FREEDOM

Putin og ho som no skal vere kjærasten hans, har kjent kvarandre lenge. Her frå 2004, då dei to møttest på eit arrangement for russiske OL-utøvarar.

Foto: ITAR TASS / AP

Han la til at han har eit godt forhold til eks-kona Ludmila, og dei to døtrene, sjølv om han ikkje får sjå dei så ofte.

Dei siste åra har fleire sider av presidenten sitt privatliv vekka merksemd, sjølv om russiske medium sjeldan graver seg ned i presidentens private saker. Bilete av Putin saman med isbjørnar, tigrar og Harley Davidson-gjengar, samt bilete av presidenten i bar overkropp oppå ein hest har vekka merksemd.

RUSSIA-MEDIA-POLITICS-KABAYEVA-FILES

Det skader ikkje å vere presidentens kjæraste. Her spring Alina Kabayeva med OL-fakkelen under opningsseremonien av OL i Sotsji.

Foto: ALBERTO PIZZOLI / Afp

Namnet på hans spesielle utvalde vil ikkje Putin ut med, heller ikkje under dagens pressekonferanse. Men ryktebørsen vil ha det til at den tidlegare rytmiske sportsgymnasiasten Alina Kabayeva er presidentens utkåra.

Kabayeva har vore medlem av det russiske parlamentet for Putins parti, men sa nyleg frå seg parlamentssetet for å bli leiar for ei pressegruppe med tette band til regjeringa og Kreml. I vinter fekk ho også æra av å springe med OL-fakkelen under opningsseremonien til Sotsji-OL.

SJÅ BILETA FRÅ PUTINS PRIVATLIV:

SISTE NYTT

Siste nytt