Putin: - Farleg for russarar i Tyrkia

Russlands president Vladimir Putin åtvarar russiske turistar om at dei ikkje er trygge i Tyrkia, og den tyrkiske turistindustrien fryktar total kollaps som følgje av krisa mellom dei to landa.

Russlands president Vladimir Putin.

Vladimir Putin åtvarar russiske turistar i Tyrkia om at det er farleg for dei der.

Foto: MAXIM SHIPENKOV / Afp

I 2014 var 4,8 millionar russarar på ferie i Tyrkia. Etter nedskytinga av eit russisk passasjerfly i Egypt tidlegare denne månaden, stansa Russland alle flygingar til Sharm el-Sheikh og andre turistmål på Sinaihalvøya.

Det gjorde at mange russarar valde å leggje ferien sin til Tyrkia, og den tyrkiske turistindustrien er sterkt avhengig av russiske charterturistar. Det er uklart kor mange russiske borgarar som er i Tyrkia no, men den tyrkiske reiselivsbransjen fryktar full krise.

– Fare for terror

Russisk fly skutt ned

Nedskytinga av det russiske flyet har skapt ein spent situasjon mellom Russland og Tyrkia.

Foto: HABERTURK TV CHANNEL / Epa

No varslar Russland liknande tiltak overfor Tyrkia som overfor Egypt. Utanriksminister Sergej Lavrov seier at faren for terror er like stor i Tyrkia som i Egypt, og Vladimir Putin seier rett ut at russarar ikkje er trygge i landet.

Russland ser på nedskytinga av det russiske flyet som ein bevisst provokasjon .

– Akkurat no er det kaos i turistindustrien. Vi har kontakta våre kontaktar i Russland, og dei har inntrykk av at Russland ser svært alvorleg på det som har skjedd. Vi kjem til å tape store pengar dersom russiske turistar blir borte over tid, seier Turgut Gür i organisasjonen for investorar i reiselivsbransjen (TYD) til den tyrkiske avisa Zaman .

Den spente situasjonen etter at tyrkiske fly skaut ned eit russisk krigsfly på grensa mellom Syria og Tyrkia, har også fått alarmklokkene til å kime i den russiske reiselivsbransjen.

Tyrkia offentliggjør lydopptak etter nedskyting: «Skift retning!»

Stansar pakketurar

– Det er heilt umogleg å tenkje seg det russiske reiselivet utan Tyrkia, sa talskvinne for den russiske turistunionen, Irina Tyjurina, til Interfax tidlegare onsdag.

Den russiske foreininga for reisebyrå opplyste i dag at dei har stansa salet av pakketurar til Tyrkia, etter at styresmaktene i Moskva har sendt ut eit reiseråd som seier at det kan vere farleg for russiske borgarar i Tyrkia.

Tyrkiske turiststyresmakter reknar med at russiske turistar bidreg med inntekter på over 30 milliardar kroner i året. Det kjem 40 millionar turistar årleg til Tyrkia, og det gir landet ei inntekt på rundt 275 milliardar kroner.

Berre Tyskland sender fleire turistar til Tyrkia i løpet av eitt år enn Russland.

– Russisk kampfly krenket tyrkisk luftrom

SISTE NYTT

Siste nytt