Hopp til innhold

Putin vil snakke med opposisjonen

Vladimir Putin seier han vil snakke med opposisjonen, men han veit ikkje kva form denne kontakten skal ha.

Russlands statsminister Vladimir Putin

Russlands statsminister Vladimir Putin gjentok i dag at han vil snakke med opposisjonen.

Foto: Alexei Nikolsky / Ap

Vladimir Putin er i hardt ver etter at 120.000 menneske deltok i ein gigantisk demonstrasjon mot han og resten av maktapparatet i Kreml i Moskva sist laurdag.

– Kva form skal denne dialogen ha? Eg veit ikkje, eg må tenkje meir på det, seier den tidlegare presidenten og noverande statsministeren.

Putin har åtte år bak seg som russisk president, og sidan har han vore statsminister.

Har skapt harme

Enorme menneskemengder deltek i protestane i Moskva.

Opposisjonen greidde å samle 120.000 menneske i sentrum av Moskva sist laurdag.

Foto: DENIS SINYAKOV / Reuters

Det har skapt harme blant mange russarar at han no vil stille som kandidat ved presidentvalet 4. mars 2012. Opposisjonen meiner dette er ei omgåing av grunnlova, som seier at ein president kan sitje i maksimalt to periodar, to gonger fire år. Og Putin var president frå 2000 til 2008.

Opposisjonen meiner også å ha bevis for at partiet "Det sameinte Russland" stod bak omfattande valfusk ved parlamentsvalet 4. desember, eit val der partiet fekk rundt 50 prosent av røystene.

Det er likevel mykje mindre enn ved parlamentsvalet før, då Putin-partiet fekk over 65 prosent av røystene.

LES OGSÅ; Putin hardt ut mot opposisjonen

Felles plattform

Putin meiner at opposisjonen bør einast om ein felles plattform, og at det kan bane vegen for samtalar.

Putin meiner at demonstrantane er ei blanding av marginale liberale grupper, kommunistar og nasjonalistar.

– Er det ein felles plattform der? Nei, det er ikkje det. Vi må snakke med alle om krava deira, men det krev ein del tankeverksemd, seier Vladimir Putin. Han vil ikkje kommentere bloggaren Alexej Navalny si rolle.

LES OGSÅ: Dmitrij gikk forbi en demonstrasjon. De neste 15 dagene satt han fengslet.

LES OGSÅ: Derfor vender de unge Putin ryggen

Vil samle ein million

Navalny har vakse fram som ein leiande kraft i opprøret mot makthavarane i Krem, og bloggen hans blir lesen av svært mange unge menneske. Han vart arrestert etter ein demonstrasjon etter parlamentsvalet 4. desember, og vart sett fri sist veke.

I demonstrasjonen julaftan 24. desember stod han igjen i sentrum for motstanden, og han sa i talen sin til dei deltakarane at dei skulle samle over ein million menneske i protestar i slutten av januar. Tilhøyrarane svarte med eit rungande ja.

LES OGSÅ: 20 år siden Sovjetunionens oppløsning

SISTE NYTT

Siste nytt