Hopp til innhold

Putin var på overraskingsbesøk til Ukraina

Helgeturen til Mariupol er det næraste Vladimir Putin har vore frontlinja i krigen sidan han bestemte seg for å invadere nabolandet.

Bilete frå russisk TV viser presidenten på ein køyretur gjennom staden han i fjor gav ordren om å bombe.

På veg gjennom gatene blei han informert om korleis byen i Donbas-regionen skulle byggast opp att, skriv det statlege nyheitsbyrået Ria Novosti.

TV-sendinga viste også ein samtale mellom Putin og ei lita gruppe innbyggarar, og Putin på besøk hos ein familie.

Russlands president Vladimir Putin besøkte den okkuperte byen Mariupol i Ukraina. Denne videoen skal vise en samtale han hadde med flere lokale innbyggere.

Russisk president Vladimir Putin besøkte den okkuperte byen Mariupol i Ukraina. Denne videoen skal vise ein samtale han hadde med fleire lokale innbyggarar.

Slaget om Mariupol, som tok slutt i mai i fjor, var Russland sin første store siger i krigen.

Ifølge FN blei 90 prosent av bustadbygga i byen øydelagde eller skada i dei blodige kampane.

Forsvarsdepartementet i Ukraina kommenterte Putin sitt besøk søndag ettermiddag.

– Som den tjuven han er, besøkte Putin Mariupol i nattemørket. For det første er det tryggare, heiter det i utsegnet.

– I tillegg gjer mørket at han kan løfte fram det han ønsker å vise, og halde skjulte byen som hæren hans totalt øydelagde og dei få innbyggarane som framleis lever.

Feira annekteringa av Krim

Laurdag var Putin også på besøk i Krim for å feire annekteringa sin niårsdag.

Bilete som er sende ut av russiske styresmakter, viser han saman med den lokale guvernøren Mikhail Razvozjajev i hamnebyen Sevastopol.

Frå sjølve markeringa kan ein sjå folk som held opp røykgranatar i fargane til det russiske flagget, og barn i ungdomsskulealder som dansar med blomebukettar.

Krim er ei halvøy i Svartehavet som fører til fastlandet i Ukraina. Gjennom historia har den blir rive og slite mellom Ukraina og Russland, men etter folkeretten tilhøyrer den ukrainsk territorium.

Crimea Russia Putin Anniversary

Vladimir Putin (h) fekk omvising på ein kunstskule medan han var i Sevastopol.

Foto: AP

I 2014 tok russiske soldatar ulovleg kontroll over halvøya. Annekteringa er framleis ikkje anerkjent av Vesten, og Nato har fleire gongar bede Russland om å trekke seg ut.

Søndag skal han vere tilbake i Russland, og ha mått med militærtoppane som leier invasjonskrigen i Ukraina.

Blant dei var stabssjef Valerij Gerasimov. Besøket skal ha skjedd på posten Rostov-na-Donu i sørlege Russland, ifølge nyheitsbyrået Tass.

– Ei fantasiverd

Eskil Grendahl Sivertsen er spesialrådgjevar hos Forsvaret sitt forskingsinstitutt, og forskar blant anna på russisk desinformasjon.

Han seier videoane frå besøket i Mariupol er eit typisk eksempel på russisk propaganda.

Eskil Grendahl Sivertsen, FFI

Eskil Grendahl Sivertsen ved Forsvaret sitt forskingsinstitutt.

Foto: Forsvarets Forskningsinstitutt

– Overfor det russiske folk så har Putin konstruert ei fantasiverd med heilt falske påstandar og grunngjevingar for kvifor Russland gjekk inn i Ukraina.

– I denne forteljinga er Russland den gode makta, den velmeinande og snille, som står imot nazistiske ukrainarar og eit aggressivt USA og Vesten som prøvar å ta Russland. Dette går på TV konstant.

Grendahl Sivertsen meiner at dette innslaget openbert er laga for å bevise at denne historia stemmer, ikkje minst med denne gruppa som ønsker Putin velkommen til Mariupol.

Slike «representantar» kan vere handplukka frå ein mikroskopisk minoritet som av ulike grunnar støttar Russland, ha blitt utsett for press eller ikkje vere ukrainske i det heile, seier han.

– For å forstå korleis russisk propaganda så må ein forstå at det ikkje nødvendigvis handlar om enkeltsaker, men å endre tolkingsramma til ulike målgrupper.

Excavators demolish multi-storey apartment blocks in Mariupol

Nattemørket under Putin sitt besøk skjuler store øydeleggingar, seier det ukrainske forsvarsdepartementet.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

Eksempel på dette, ifølge Grendahl Sivertsen, er bilete av eit solrikt og harmonisk Mariupol då kampane eigentleg gjekk føre seg som verst, og påstandar om at Ukraina sjølv står bak massakren i Butsja.

– Det handlar ikkje alltid om å få oss til å tru på ein løgn, men å få oss til å tvile på kva som eigentleg er sant og kven vi kan stole på.

Meiner Mariupol er åstad for krigsbrotsverk

OSCE, organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa, seier Russland si bombing av ei fødestove i Mariupol var eit krigsbrotsverk.

Styresmaktene i Ukraina har tidlegare rekna til at minst 25.000 menneske blei drepne under kampane, og at mellom 5000 og 7000 av dei døydde i husa som blei bomba.

Både FN og fleire internasjonale organisasjonar har sagt at det kan ha skjedd krigsbrotsverk i Mariupol.

Amnesty International meiner angrepet på teateret i Mariupol må etterforskast deretter.

People commemorate victims of Russian air strike on the Mariupol's Drama Theatre, in Kyiv

Torsdag heldt innbyggarar i Kyiv ei minnemarkering for dei som blei drepne under bombinga av Mariupol Teater, eitt år tidlegare.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

Men det er kanskje ikkje så lett for Den internasjonale domstolen (ICC) å straffeforfølge Putin for dette som for saka om barn som har blitt bortførte frå Ukraina.

Det meiner folkerettsekspert og jurist Terje Einarsen ved Universitetet i Bergen.

– Truleg er det objektivt sett gjort veldig mange krigsbrotsverk, men i mange tilfelle så vil det i alle fall vere vanskeleg å føre ansvaret heilt til topps.

– Det er faktisk mykje enklare å bevise dei store brotsverka enn dei som er mindre, relativt sett. For eit aggresjonsbrotsverk treng ein berre bevise dei faktiske handlingane, som bombeangrep mot ein by og sperring av hamnar som ledd i angrepskrigen.

-

Terje Einarsen er ekspert på flyktningar sine rettar og folkeretten.

Putin og fleire andre toppleiarar ville i teorien stå til ansvar med eit slik aggresjonsbrotsverk, berre for å ha invadert Ukraina.

Dette har ei strafferamme på 50 år i fengsel, men er vanskeleg å straffeforfølge, seier Einarsen.

– Problemet er at vedtektene til ICC inneheld særlege avgrensingar som gjer det vanskeleg å tiltale Putin og andre for dette.

– Derfor er det svært viktig at det no blir etablert ein internasjonal spesialdomstol for aggresjonsbrotsverk mot Ukraina, slik ukrainske styresmakter og sivilsamfunnet sterkt ønsker.

Han legg til at dette truleg kjem til å skje allereie før sommaren i år, etter avtale mellom FN og Ukraina og støtte frå FN si generalforsamling.

– Den tiltalen som er henta ut av ICC, den kan utvidast. Det kan kome fleire tiltalepunkt mot Putin og andre toppleiarar etter kvart.

SISTE NYTT

Siste nytt