Hopp til innhold

Putin-støttespelar skal vere arrestert i Ukraina

Den ukrainske opposisjonspolitikaren og oligarken Viktor Medvedtsjuk skal vere arrestert av Ukrainas etterretningsteneste. Han har tette band med Vladimir Putin, og skal ha vore tiltenkt rolla som president ved ein russisk okkupasjon.

Viktor Medvedtsjuk pågrepet

Den ukrainske presidenten har publisert eit bilde av opposisjonspolitikaren Viktor Medvedtsjuk i handjern.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj publiserte tysdag kveld eit bilde av Viktor Medvedtsjuk i handjern.

Han skal ha blitt gripen i ein aksjon av etterretningstenesta SBU, etter at han rømte frå husarrest like etter at den russiske okkupasjonen starta.

Sjefen for e-tenesta, Ivan Bakanov, seier arrestasjonen var ein lynrask og vanskeleg operasjon, ifølge Reuters.

Medvedtsjuk blir rekna som den mest Russland-venlege politikaren i Ukraina.

Ekspertar meiner Putin hadde planar om å bruke Medvedtsjuk som president i Ukraina ved ein eventuell russisk okkupasjon, skriv Newsweek.

Russiske styresmakter seier dei ikkje vil kommentere arrestasjonen før dei har fått stadfesta bildet.

Forbaud parti

Medvedtsjuk har leia det prorussiske partiet Opposisjonsplattformen – For Livet sidan 2018. Han er også ein sterk motstadar mot ukrainsk medlemskap i EU og Nato.

Han skal ha kjent Vladimir Putin i over 20 år. Han skal også vere fadder til ei av døtrene til den russiske presidenten.

For tre veker sidan la Ukraina ned forbod mot 11 politiske parti som dei meinte hadde band til Russland. Blant dei var partiet til Medvedtsjuk, skriv The Guardian.

I samband med forbodet sa Zelenskyj at partia prøvde å skape splid i Ukraina.

Medvedtsjuk har nekta for at partiet hans er prorussisk. Men partiet ønsker tettare politiske og økonomiske band til Russland, og bruker også mange av dei same argumenta som russiske styresmakter.

Medvedtsjuk og Putin

Viktor Medvedtsjuk og Vladimir Putin skal ha kjent kvarandre i over 20 år.

Foto: SPUTNIK / Reuters

Blei brukt som mellommann

Etter at Russland annekterte Krim i 2014, blei Medvedtsjuk sett på USAs sanksjonsliste. Han blei skulda for å truge stabiliteten i Ukraina.

Men då separatistar tok kontroll på område aust i Ukraina, brukte ukrainske styresmakter Medvedtsjuk som ein mellommann i kommunikasjonen med Putin. Han blei blant anna brukt i samband med fangeutveksling.

Presiden Volodymyr Zelenskyj foreslår tysdag kveld å veksle Medvedtsjuk med ukrainske krigsfangar, melder Reuters.

I 2021 blei Medvedtsjuk sett husarrest, skulda for forræderi. Han var skulda for å tent pengar på utvinning av naturressursar på Krim.

Han klarte å rømme frå husarresten fire dagar etter at den russiske invasjonen starta i februar. No skal han altså blitt arrestert på nytt.