Hopp til innhold

Putin slår tilbake mot WADA-utestenging

Russlands president Vladimir Putin kalla utestenginga av Russland frå alle store idrettsarrangement i fire år for «urettferdig». No ankar Russland utestenginga.

Russlands president Vladimir Putin under torsdagens flere timer lange pressekonferanse.

Russlands president Vladimir Putin under torsdagens fleire timar lange pressekonferanse.

Foto: ALEXANDER NEMENOV / ALEXANDER NEMENOV

Putin kom med fråsegna under den årlege maraton-pressekonferansen sin der han svarer på spørsmål frå journalistar verda rundt.

– Viss WADA ikkje har noko å klage på overfor den nasjonale olympiske komiteen vår, må laget vårt få lov til å konkurrere under flagget vårt, sa Putin på pressekonferansen på torsdag.

Den russiske presidenten insisterte på at ei eventuell straff må rettast mot individ og ikkje vere kollektiv.

– Viss eit fleirtal av utøvarane våre er «reine», korleis kan ein då straffe dei for nokon andres handlingar? spurde Putin retorisk.

Russlands president Vladimir Putin under torsdagens flere timer lange pressekonferanse.

Journalistar kjempar om merksemda under Putins fleire timar lange pressekonferanse.

Foto: ALEXANDER NEMENOV / ALEXANDER NEMENOV

Vart utestengt i fire år

Måndag 9. desember vedtok Verdas antidopingbyrå (Wada) å utestenge Russland frå dei største idrettskonkurransane dei neste fire åra.

Russiske idrettsutøvarar kan likevel få delta under nøytralt flagg.

Putin sa at WADAs utestenging er politisk motivert.

– Avgjerda er i strid med Det olympiske charteret, sa Putin.

Ankar til CAS

Torsdag vart det klart at Russlands antidopingbyrå RUSADA ankar WADAs avgjerd.

RUSADA-sjef Jurij Ganus trur sjølv det er små sjansar for å nå gjennom med ein anke til valdgiftsretten til idretten CAS i Sveits.

– Det finst inga moglegheit for å vinne dette i retten. Dette er ein tragedie, sa Ganus etter WADA-avgjerda og viste til russiske utøvarar som faktisk er reine.

Det er ikkje kjent når CAS vil ta ei avgjerd i ankesaka.

Russland er nå utestengt fra alle OL og VM de neste fire årene for å ha drevet med systematisk doping gjennom flere tiår.
Tidenes dopingskandale blir den kalt, og den har alt; hemmelige agenter, laboratorium med skjulte hull i veggen, dopingjegere og en russisk president som ville ha flere medaljer. Og mannen som avslørte russerne lever nå i skjul i frykt for å bli drept.

Russland er no utestengt frå alle OL og VM dei neste fire åra for å ha drive med systematisk doping gjennom fleire tiår. Tidenes dopingskandale blir den kalla, og han har alt; hemmelege agentar, laboratorium med skjulte hol i veggen, dopingjegerar og ein russisk president som ville ha fleire medaljar. Og mannen som avslørte russarane lever no i skjul i frykt for å bli drepe.

SISTE NYTT

Siste nytt