Hopp til innhold

Putin gav klarsignal til militæroperasjon i Donbas, invasjonen skal vere i gang

Ukrainske styresmakter seier at ein russisk invasjon er i gang i Ukraina. Ifølgje augevitne er det høyrt eksplosjonar og artillerield i hovudstaden Kyiv og byen Kharkiv.

Putin på russisk TV

Russlands president Vladimir Putin åtvara på russisk TV i natt framande makter mot å blande seg inn i konflikten i Aust-Ukraina.

Foto: Skjermdump APT

SISTE:

Putin skal ha godkjent militæroperasjon

Ifølgje Reuters har Russlands president Vladimir Putin godkjent ein militæroperasjon i dei to opprørskontrollerte områda Luhansk og Donetsk i Aust-Ukraina. Putin skal ha sagt dette i ein TV-tale like før klokka 4 i natt, ifølgje det russiske nyheitsbyrået Ria.

Ifølgje Putin er dette naudsynt for å «beskytte Donbas».

Putin sa at Russland vil demilitarisere og «denazifisere» Ukraina etter at Russland i 30 år har forsøkt å få ein avtale med Nato og USA om Russlands tryggleik, utan hell. – Dette er blitt et spørsmål om liv og død for Russland, det har blitt ein reell trussel, sa Putin.

Putin sa at Russland vil agere umiddelbart dersom framande makter blandar seg inn i konflikten.

Ifølgje den ukrainske innanriksministeren er invasjonen allereie i gang. I natt er det høyrt eksplosjonar og artillerield i hovudstaden Kyiv og fleire andre byar.

USAs president Joe Biden seier angrepet er «uprovosert og grunnlaust» og lovar samordna svar frå USA og Nato.

Nytt hastemøte i Tryggingsrådet

Tryggingsrådet i FN held no eit nytt hastemøte om Ukraina-krisa.

Hastemøte om Ukaina i FBs sikkerhetsråd

FNs tryggingsråd diskuterer Ukraina-krisen

Blinken trur på invasjon i natt

USAs utanriksminister Antony Blinken seier til den amerikanske TV-kanalen NBC News at han trur at Russland vil invadere Ukraina før natta er omme, melder Reuters.

Blinken la til at det framleis er mogleg å avverje eit stort angrep frå russisk side.

Tryggingsrådet i FN skal møtes igjen i natt klokka 3.30 norsk tid, opplyser diplomatar. Det er Ukraina som har bede om møtet som blir det andre hastemøtet om Ukraina-krisen denne veka.

– 200.000 soldatar på grensa

Ifølgje Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj står det no nær 200.000 russiske soldatar ved den ukrainske grensa. Zelenskyj kom med opplysninga i ein TV-send tale rett etter midnatt, ifølge AFP. Zelenskyj sa at Russland har fleire tusen militære køyretøy i grenseområda.

Han sa at det er fare for at Russland startar ein ny storkrig i Europa «når som helst». Han kom med ei direkte oppfordring til russiske borgarar om å vise motstand mot krigsførebuingane.

– Det avheng av dykk no, sa han i den kjensleladde talen.

Zelenskyj sa og at han hadde forsøkt å ringe president Vladimir Putin onsdag.

– Resultatet vart berre stille, opplyste Zelenskyj i talen.

Ber om nytt hastemøte i FN

Ukrainas utanriksminister Dmytro Kuleba ber om eit nytt hastemøte i FNs tryggingsråd etter at prorussiske opprørarar i Aust-Ukraina bad Russland om militærhjelp.

Kuleba skriv på Twitter at førespurnaden om militærhjelp inneber ei ytterlegare eskalering av situasjonen.

Førre hastemøte i Tryggingsrådet om Ukraina-krisa var natt til tysdag.

Utbrytarregionar har bede Putin om militær hjelp

De to utbrytarfylka Luhansk og Donetsk skal ifølgje ein talsperson for Kreml ha bede president Vladimir Putin om militær hjelp mot det dei hevdar er aggresjon frå den ukrainske hæren.

Det skriv det russiske nyheitsbyrået Interfax som siterer Kremls talsperson Dmitrij Peskov, melder Reuters.

Dei to leiarane grunngav førespurnaden med at russiske styrker trengst for å unngå sivile tap og hindre ein humanitær katastrofe i Donbas aust i Ukraina, melder Tass.

Ifølgje Peskov skildrar dei to ein forverra situasjon der mange må forlate heimane sine og bli evakuerte til Russland. Dei skuldar også ukrainske regjeringsstyrkar for å ha mobilisert langs frontlinja for å løyse konflikten med makt.

Påstanden frå separatistane er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.

Ukraina erklærer unntakstilstand

Like før klokka 21 norsk tid vedtok den ukrainske nasjonalforsamlinga å erklære unntakstilstand i landet.

Unntaket er dei to austlege regionane Donetsk og Luhansk, der det har vore unntakstilstand sidan 2014.

Unntakstilstanden vil gjere styresmaktene i stand til å innføre ei rekke særskilde grep, mellom anna portforbod.

Ifølgje Reuters, som har sett lovforslaget, kan det også kome forbod mot store forsamlingar og streikar.

Det blei også foreslått å innføre dokumentsjekk av befolkninga, og legge avgrensingar på kva informasjon som blir delt, også i media. Dei opnar også for å avgrense fridomen til reservistar i forsvaret.

I første omgang vil unntakstilstanden vare i 30 dagar, men den kan bli forlenga med ytterlegare 30 dagar. Det sa landets tryggingsrådgjevar, Oleksiy Danilov, tidlegare onsdag.

Både sivile og paramilitære øver på å kjempe mot eit eventuelt russisk angrep. Bilde tatt i Ukraina 19. februar 2022.

VIL KJEMPE: Både sivile og paramilitære øver på å kjempe mot eit eventuelt russisk angrep. Bilde tatt i Ukraina 19. februar 2022.

Foto: Efrem Lukatsky / AP

Nasjonalforsamlinga skal og vurdere eit lovforslag som gir ukrainarar løyve til å bere skytevåpen og handle i sjølvforsvar.

– Denne lova er fullt ut i interessa til staten og samfunnet sa forfattarane bak lovforslaget, ifølgje Reuters.

Nyheita om unntakstilstanden kom same dag som amerikanske styresmakter seier at russiske soldatar står klare til angrep like ved den ukrainske grensa.

USA skal og ha varsla Ukraina om at eit russisk angrep kan kome snart.

– Ein russisk invasjon kan skje i dag, i morgon, eller neste veke, sa talsperson for USAs utanriksdepartement, Ned Price, på ein pressekonferanse onsdag.

Det kvite huset har ikkje til hensikt å sende amerikanske soldatar for å kjempe mot Russland i Ukraina, informerer pressesjef Jen Psaki.

Bankar og nettstadar ramma av cyberangrep

Onsdag ettermiddag kom det fleire meldingar om nettrøbbel hos nettstadane til ukrainske styresmakter. Det gjaldt mellom anna sida til nasjonalforsamlinga, innanriksdepartementet og utanriksdepartementet.

– Rundt klokka 16 starta eit massivt DDoS-angrep på landet vårt, skreiv digitaliseringsminister Mykhailo Fedorov i meldingsappen Telegram.

"Nettstad ikkje tilgjengeleg", står det om ein prøver å gå inn på nettstaden til Ukrainas parlament.

NEDE: Klokka 15 norsk tid var fleire ukrainske nettstadar nede. Eit liknande angrep skjedde også førre veke. Russland er mistenkt å stå bak.

Foto: Skjermdump tatt 23.02.2022

Bankane i Ukraina blei og ramma av angrepet. Ukrainske styresmakter hevdar at hackargrupper, støtta av den russiske regjeringa, stod bak.

Sikkerheitsselskapet ESET melder seinare onsdag kveld at ein viper, ein skadevare som sletter innhaldet på datamaskiner, har ramma fleire hundre datamaskiner i landet. Reuters melder at sikkerheitsselskapet Symantec ser det same.

Sidan midten av januar har Ukraina blitt utsett for to omfattande dataangrep mot styresmaktene sine nettstadar.

Styresmaktene har åtvara om at hackarar førebur seg på å sette i gang eit stort angrep på offentlege etatar, bankar og forsvaret.

Det er førebels ikkje rapportert om meir alvorlege formar for dataangrep, som å stenge ned kritiske IT-system eller skade straumforsyninga. I 2015 mista over 230.000 ukrainarar straumen etter eit målretta dataangrep. Ukraina hevda då at Russland stod bak.

Russland evakuerer ambassaden

Dei tilsette på Russland sin ambassade i Kyiv fekk onsdag beskjed frå utanriksdepartementet i Moskva om å evakuere landet, skriv AFP.

Det russiske flagget skal vere firt på ambassaden.

Evakueringa er i gang frå ambassaden i Kyiv og dei diplomatiske stasjonane rundt om i landet. I Kyiv blir det brent dokument.

Russisk flagg sett gjennom piggtråd, på taket av den russiske ambassande i Kyiv i Ukraina

SENKA: Her vaiar det russiske flagget over den russiske ambassaden i Kyiv. No skal flagget vere senka og personalet blir evakuert.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Krev garanti for trygging

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj krev umiddelbar tryggingsgaranti frå Vesten og Russland for å avverje ein frykta russisk invasjon.

– Ukraina treng tryggingsgarantiar. Tydelege, spesifikke og umiddelbare, seier presidenten, ifølgje AFP.

Volodymyr Zelenskyj i TV-tale 22. febr 2022

GARANTI: Den ukrainske presidenten seier framtida til europeisk sikkerheit blir avgjort med korleis striden med Russland ender.

Foto: APT

– Vi står samla om at framtida til Europas sikkerheit blir avgjort akkurat no, i heimen vår, i Ukraina, sa han på ein pressekonferanse i Kyiv, etter å ha møtt statsleiarane frå Litauen og Polen.

Tidlegare i dag blei ukrainarar i Russland bedne om å reise frå landet snarast.

– På grunn av aukande russisk aggresjon mot Ukraina, som kan føre til redusert konsulær bistand i Russland, rår utanriksdepartementet alle ukrainske statsborgarar frå å reise til Russland, og dei som er i landet bør forlate Russland straks, seier departementet i fråsegna.

Ekspertar tvilar på effekten av sanksjonar

Vestlege land og USA er no samde om harde økonomiske sanksjonar mot Russland. Men samstundes blir det stilt spørsmål om kva effekt desse sanksjonane vil få.

Då Russland annekterte Krim-halvøya i 2014, blei det og innført ei rekke sanksjonar. Forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi), Pernille Rieker, hevdar dei ikkje har ført til store endringar.

– Vi har jo ikkje sett endringar i russisk politikk. Vi kan ikkje seie at det har verka så langt. Så spørst det om dei kraftigare sanksjonane vil virke. Det tvilar eg litt på, seier Rieker til NRK.

Sanksjonane rettar seg mot 27 finansinstitusjonar og enkeltpersonar, som USA og EU meiner underminerer Ukraina sin integritet.

Pernille Rieker

Pernille Rieker er forskar på Nupi.

Foto: Marte Christensen / NTB

Utanriksdepartementet i Russland varslar at dei vil kome med sterke reaksjonar på sanksjonane frå USA.

– La det ikkje herske tvil, det vil kome eit kraftig svar. Ikkje nødvendigvis symmetrisk, men nøye kalibrert og sensitivt for den amerikanske sida, står det i ei kunngjering frå russisk UD, melder AFP.

Huitfeldt: Meir målretta sanksjonar

Rieker legg likevel vekt på at reaksjonane frå russisk side tyder på at dei ikkje har tenkt å la seg stoppe.

– Det er viktig at Vesten blir samde om desse sanksjonane og viser at det Russland har gjort no er uakseptabelt, seier Nupi-forskaren.

Statsminister Jonas Gahr Støre er oppteken av sanksjonar har kostnadar begge vegar når vanleg økonomisk handel stoppar.

– Vi hugsar frå 2014 og 2015 at det fekk betydning for deler av lakseeksporten, der det var marknader som blei lukka ved motreaksjonar på russisk side, påpeikar Støre.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt meiner det er for tidleg å seie kva effekt sanksjonane vil ha på kort sikt.

– Det som er typisk for sanksjonar i våre dagar, er at dei er meir målretta, seier ho.

KART

Kart over Øst-Ukraina som viser de opprørskontrollerte områdene samt regionene Luhansk og Donetsk.

Kart over Øst-Ukraina som viser de opprørskontrollerte områdene samt regionene Luhansk og Donetsk.

Nye styrkar på plass

Samstundes varslar no Vladimir Putin i ein ny video at dei framleis har døra open for å snakke med Vesten og Ukraina om fredelege løysingar.

– Men landet vårt er alltid ope for direkte og ærleg dialog, og for å prøve å finne diplomatiske løysingar på dei mest komplekse problema, seier Putin i videoen.

Men satellittbilete frå eit amerikansk selskap viser ei ny utstasjonering av meir enn 100 militærkøyretøy sør i Kviterussland, mot grensa til Ukraina.

Satellittbilde som skal vise russiske styrker på Bokov flybase ved Mazyr i Hviterussland.

Dette satellittbildet frå Maxar Technologies skal vise russiske styrkar på Bokov flybase ved Mazyr i Kviterussland.

Foto: Maxar Technologies / AP

I tillegg viser bileta frå selskapet Maxar Technologies titals nye militærtelt i området, skriv Reuters. Bilde frå den same flybasen tatt 4. februar viser ingen slike køyretøy eller telt.

Bileta frå selskapet, som har følgt med på den russiske opptrappinga i vekevis, er ikkje verifiserte av nyheitsbyrået Reuters.

Ukraina-konflikten

SISTE NYTT

Siste nytt