Hopp til innhold

Putin om Frode Berg: – Kan ikkje benåde nokon som ikkje er dømd

MOSKVA/ST. PETERSBURG (NRK): Aktor ber om at Frode Berg vert dømd til 14 år i fengsel. Få timar seinare får den russiske presidenten spørmål om kva han kan gjere med saka.

I byretten i Moskva tysdag bad aktor om at den spionsikta nordmannen vert dømd til 14 år i fengsel med høg sikkerheit.

Ifølgje den russiske advokaten til Berg tok han påstanden med fatning.

– Han var på ingen måte sjokkert. Han var ganske roleg. Vi hadde diskutert på førehand at dette kunne bli utfallet, så han var førebudd, seier Ilja Novikov til NRK.

– Kan ikkje benåde Berg no

Få timar etter at aktor la ned sin påstand i Moskva deltok både statsminister Erna Solberg og den russiske presidenten på Arktisk forum i St. Petersburg.

Der stilte NRK eit spørsmål til Putin om korleis Berg-saka kan løysast.

– Vi må vente på behandlinga frå retten, som i all andre land. Retten avgjer kva straff det skal bli, om ein er skuldig eller ikkje. Alt er avhengig av avgjerda frå retten, så ser vi vidare på kva som skal gjerast, seier Putin til NRK.

– Kan du benåde han?

– Høyr, ein kan benåde ein person som er dømd, men han er ikkje dømd enno, svarar Putin.

Ordknapp

I samband med Arktisk forum var det også sett av tid til eit 40 minutt langt møte mellom Solberg og Putin.

Etter det NRK erfarer vurderte Solberg å ta opp saka til Berg under møtet med Putin. Verken før eller etter møtet ønskte Solberg å svare på om dette vart tema under møtet.

– Uansett kva vi gjer i Frode Berg-saka, så er det å vareta hans interesser. Eg trur ikkje at det er i hans interesse at vi kommenterer saka, seier Solberg.

Etter rettsmøtet i Moskva tidlegare på dagen sa Novikov at Berg set sin lit til at Solberg og norske diplomatar gjer sitt beste for å sikre at han vert sett fri.

Erkjenner ikkje skuld

Ilja Novikov

Advokat Ilja Novikov utanfor byretten i Moskva.

Foto: Morten Jentoft / NRK

Ifølgje Novikov bad aktoratet om at Berg blir dømd til 14 års fengsel fordi han ikkje har kjent seg skuldig, og fordi han ifølgje aktoratet ikkje angrar på det han har gjort.

Forsvararen vil ikkje spekulere på om Berg ville kunne få ei lågare straff om han hadde erkjent skuld. Novikov seier likevel at det er fleire tilfelle i tidlegare spionsaker der den tiltalte har erkjent seg skuldig og blitt dømd til mellom 6 og 10 år i fengsel.

– Det har ikkje vore noko alternativ for Berg å ljuge om kva han har gjort, og kva intensjonar som ligg bak, i håp om å oppnå ei mildare straff.

Novikov trur den endelege dommen vert på mellom 8 og 14 år. Dommen er venta 16. april.

SISTE NYTT

Siste nytt