Hopp til innhold

Putin vil hjelpe Kim med å løyse atomproblemet

Russlands president strekte ut ei hjelpande hand til Nord-Koreas leiar då dei møtte kvarandre for første gong. Vladimir Putin meiner det er på tide at han også får ein plass ved bordet under atomforhandlingane.

Presidentene møttes for første gang i Vladivostok onsdag. Statslederne skal ha diskutert mulighetene for økt samarbeid og situasjonen på Koreahalvøya.

Dei to statsleiarane møtte kvarandre for første gong i Vladivostok torsdag. Der skal dei ha diskutert eit mogleg utvida samarbeid og situasjonen på Koreahalvøya.

Toppmøtet vert halde på eit universitet på Russkijøya, nær hamnebyen Vladivostok, heilt aust i Russland.

Der ønskte Putin den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un velkomen, og starta møtet med å seie at Russland ønskjer å støtte positive tiltak på Koreahalvøya.

– Eg er trygg på at ditt besøk til Russland vil hjelpe oss å forstå betre korleis vi kan løyse situasjonen, sa Putin.

Kim svarte med å seie at han ønskjer å styrke banda til Russland.

Putin og Kim

Kim Jong-un og Vladimir Putin handhelser for første gong i Vladivostok.

Foto: Yuri Kadobnov / AFP

Vil sitje ved forhandlingsbordet

Etter å ha helst på kvarandre gjekk Putin og Kim for å ha eit møte bak lukka dører. Begge var samde om at dei der hadde hatt fruktbare diskusjonar.

– Vi hadde ei grundig samtale på tomannshand, sa Putin ifølgje det russiske nyheitsbyrået Tass.

På førehand hadde rådgjevaren til Putin varsla at atomvåpenprogrammet til Nord-Korea kom til å bli eit av temaa under møtet.

Det var også venta at Nord-Korea ville søkje støtte frå Russland når det gjeld sanksjonar frå vesten, og at landet vil prøve å få til ei økonomisk avtale med Russland, ifølgje The Guardian.

For russarane er møtet ein sjanse til å vise seg fram som ein viktig aktør innan internasjonale forhandlingar med Nord-Korea.

Etter møtet fortalde Putin at han hadde bede Kim om å orientere USA om at Russland heretter vil vere med på atomforhandlingane.

Han tok også til orde for å start opp att sekspartsforhandlingane, som var eit diplomatisk forsøk på å løyse striden rundt atomvåpenprogrammet etter at Nord-Korea trekte seg frå ikkjespreiingsavtala i 2003.

Forhandlingane var mellom Nord-Korea, Sør-Korea, USA, Russland, Kina og Japan. Dei braut saman i april 2009, etter at FN varsla skjerpa sanksjonar mot Nord-Korea.

Kim Jong-un på toget

Kim Jong-un kom til Vladivostok med tog onsdag, etter å ha kryssa den korte grensa mellom dei to landa.

Foto: AP/NTB Scanpix

Kjølig forhold til USA

Nord-Koreas atomprogram var også tema då USAs president Donald Trump og Kim møtte kvarandre i Hanoi tidlegare i år, men dette møtet enda utan noka nedrustingsavtale.

Leiinga i Pyongyang har også gjort det klart at dei ikkje lenger ønskjer at USAs utanriksminister Mike Pompeo skal sitje ved forhandlingsbordet.

Etter at atomsamtalene mellom USA og Nord-Korea stoppa opp har Kim snudd seg til Russland, som har tatt til orde for å lette på sanksjonane mot landet.

Sjølv om Russland ikkje ønskjer at Nord-Korea skal ha atomvåpen, sa Putin at han forstår at landet krev garantiar for eigen tryggleik og suverenitet før dei går med på å gje frå seg atomvåpenprogrammet sitt.

Sist ein russisk president og ein nordkoreansk leiar møtte kvarandre, var då Dmitrij Medvedev møtte Kim Jong-il for åtte år sidan. Då sa Kim Jong-il at han var villig til å slutte med atomtestar.

Medvedev og Kim

Tidlegare president i Russland Dmitrij Medvedev møtte Kim Jong-il i 2011. Han er faren til noverande leiar i Nord-Korea, Kim Jong-un.

Foto: Ria Novosti / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt