Hopp til innhold

Putin og Erdogan med politiske gjennomslag då dei møttest

Putin vil styrke rubelen. Erdogan vil krige mot kurdiske grupper. Både den russiske og tyrkiske presidenten fekk gjennomslag då dei møttest i dag.

Tayip Erdogan og Vladimir Putin møttest i Sotsji i dag. Dette biletet er sendt ut til internasjonale medium.

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan, og hans russiske kollega Vladimir Putin, gjorde nye avtalar om samarbeid då dei møttest i Sotsji i dag.

Foto: AP

Dei møttest i OL-byen Sotsji, og dei kom begge dit med enkelte hjartesaker som er viktige for dei to presidentane.

Russland er utsett for omfattande sanksjonar frå Vesten på grunn av krigføringa i Ukraina, og treng både gode vener og ein sterk valuta. Vladimir Putin har tidlegare vore oppteken av at Europa skal betale med rublar om dei vil kjøpe russisk gass.

I dag har han fått med Tyrkia på ein avtale der Tyrkia skal betale i rublar for delar av den gassen dei kjøpar frå Russland.

Tyrkias Erdogan klarte på si side å få Russland med på å seie at dei to landa skal samarbeide med å «motarbeide terrorgrupper i Syria».

Det betyr kurdiske grupper, slik som YPG og PKK. Dette er grupper som har vore viktige i kampen mot IS, og som har samarbeida med USA.

rWtMxqt-hKo

Dei møttest i Sotsji, og vart einige om fleire ting. Begge partar har sagt at dei håper på eit godt samarbeid framover.

Foto: Vyacheslav Prokofyev / AP

Tyrkia ønskjer å utføre angrep inne i Syria

For Tyrkia hjelper det ikkje at desse kurdiske gruppene har vore delaktige i kampen mot IS, fordi regjeringa i Tyrkia ser på YPG og PKK som terrorgrupper som dei er nøydde til å stanse.

Difor har Tyrkia hatt eit ønske om å gå inn militært i Nord-Syria for å slå ned YPG og PKK som held til der.

Dette er noko USA har åtvara mot, og både Tyrkia og USA er medlem av den same forsvarsalliansen: Nato.

Tyrkias klare haldning til YPG og PKK var også det dei brukte som hovudargument då dei sette seg på bakbeina og stilte seg skeptiske til at Sverige og Finland skulle bli med i Nato.

Les også Hva vil Erdoğan nå?

paOr2KWkvLo

Men også Russland har vore skeptiske til tyrkisk krigføring i Nord-Syria. Russland har i det siste hatt ein stadig aukande militær innsats i området. Difor har Tyrkia vore avhengige av at Russland ikkje stiller seg negative til ein slik tyrkisk offensiv.

I kveld seier Russland at dei er med på eit samarbeid for å slå ned på terrorgrupper i Syria. Det er ikkje kjent kva dette betyr i praksis, og kor forpliktande eit slikt samarbeid er. PKK og YPG vert heller ikkje nemnt eksplisitt.

CcmJvju7LtA

Razoni vart første båt som frakta korn ut av Ukraina etter ein ny avtale kom på plass. Den avtalen avheng også av at Tyrkia er med, fordi skipa må gjennom Bosporossundet.

Foto: YASIN AKGUL / AFP

Snakka også om korn

Dei to landa er også einige om samarbeid på andre plan. Infrastruktur, landbruk, turisme og energi var andre tema dei to leiarane var innom.

Og korn var eit tema, slik det har vore dei siste dagane. Begge partar understreka at avtalen som bidreg til at ukrainsk korn kan fraktast over Svartehavet og gjennom Bosporossundet utanfor Istanbul, er ein viktig avtale.

Les også FN: Enighet om kornavtale mellom Ukraina og Russland

En hveteåker utenfor Mariupol

Krigen i Ukraina er ikkje nemnd i det offentlege skrivet som er sendt ut etter det fire timar lange møtet.

«Trass pågåande regionale og globale utfordringar, så har leiarane forplikta seg til å vidareutvikle forholdet mellom Russland og Tyrkia.» Det blir den russiske regjeringa sitert på i det offisielle skrivet som er sendt ut etter møtet.

SISTE NYTT

Siste nytt