Hopp til innhold

Putin: USA er ein parasitt

Den russiske statsministeren er ikkje nøgd med at USA lever over evne, og kallar amerikanarane for parasittar.

RUSSIA-PUTIN/YOUTH Russian Prime Minister Putin answers questions from the audience during his visit to the summer camp of the pro-Kremlin youth group "Nashi" at lake Seliger

Vladmir Putin talte foran ein sommarleir til ei politisk ungdomsgruppe måndag.

Foto: POOL / Reuters

– USA oppførar seg som ein parasitt i verdsøkonomien, ved å samle opp så mykje gjeld at den globale finansmarknaden vaklar.

Dette sa Vladmir Putin i ein tale til russiske ungdommar på måndag.

– Landet lever i gjeld. Det lever ikkje etter evne, men sender ansvaret vidare til andre land på ein måte som liknar ein parasitt, seier Putin same dag som politikarane i USA stemmer om å heve gjeldstaket.

Han sa også at Washington kan ha flørta med ideen om mislighald av gjelden for å svekke dollaren, og dermed gi betre forhold for eksport av varer.

Putin har gjentatte gonger kritisert USA sin valutapolitikk og måten dei dekker statsunderskot ved å selje fleire statsobligasjonar.

Amerikanske statsobligasjonar vert kjøpt opp i stor grad av russere, kinesere og japanarar.