Hopp til innhold

Putin innfører militær unntakstilstand i annekterte ukrainske fylke

Unntakstilstanden vil tre i kraft torsdag morgon. Samstundes kjem meldingar om eksplosjonar i Kyiv.

Det var under eit sikkerheitsmøte onsdag ettermiddag at Putin presenterte at krigslov kom til å bli innført.

Det var under eit nasjonalt tryggingsråd onsdag ettermiddag at Putin presenterte at krigslov kom til å bli innført.

Foto: SERGEI ILYIN / AFP

SISTE: No har det russiske føderasjonsrådet vedteke Putin sitt dekret.

Dei fire okkuperte områda som får militær unntakstilstand er Donetsk, Luhansk, Kherson og Zaporizjzja.

Ifølgje Russlands president Vladimir Putin kjem dei innsette leiarane til å få utvida fullmakter i dei okkuperte ukrainske fylka. Det er usikkert kva dette vil innebere.

Russiske styresmakter vil kontrollere folk som skal krysse grenser inn og ut av både dei annekterte ukrainske fylka og russiske grensefylke.

Tiltaka vil også gjelde dei sørlege russiske regionane Krasnodar, Belgorod, Bryansk, Voronezh, Kursk og Rostov.

I tillegg vil unntakstilstanden gjelde Krim og Sevastopol, som Russland annekterte frå Ukraina i 2014.

– Endrar ingenting for Ukraina

Ein rådgjevar for Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj seier Russland med dette prøver å late som dei har eit lovleg grunnlag for å plyndre ukrainsk eigedom.

– Dette endrar ingenting for Ukraina. Vi held fram med frigjeringa av våre territorium, seier Mykhail Podolyak, ifølgje Reuters.

– Ukraina vil forsvare seg sjølv. Uansett kva fienden planlegg eller gjer, seier den ukrainske presidenten ifølgje Reuters.

Ukraina-kart 19.10.22
Illustrasjon: INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 19.10.2022)
Illustrasjon: INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 19.10.2022)

Nye angrep mot Kyiv

Onsdag ettermiddag meldte nyheitsbyrået AFP at deira journalistar høyrde minst to kraftige smell frå eksplosjonar.

Ordføraren i Kyiv, Vitalij Klitsjko seier at dei skal ha skote ned fleire russiske rakettar over byen onsdag ettermiddag.

– Bli verande i tilfluktsrom, skriv han via sosiale medium.

Det er usikkert om kor eksplosjonane har treft eller om menneske er skada.

Har starta evakuering frå Kherson

Dei russisk-innsette styresmaktene i den okkuperte regionen Kherson i Ukraina varsla onsdag føremiddag at dei vil flytte vekk titusenvis av menneske nær frontlinja.

I tillegg vil dei innsette styresmaktene bli evakuerte, medan russiske soldatar skal bli att.

Årsaka skal vere at ukrainske styrkar skal vere nære.

Les også Ukraina mener evakuering ligner deportasjon

Sivilbefolkningen vil ifølge Saldo bli flyttet til områder øst for elven Dnipro, melder Reuters.

SISTE NYTT

Siste nytt