Hopp til innhold

Putin hardt ut mot opposisjonen

Russlands statsminister Vladimir Putin skuldar opposisjonen for å prøve å øydeleggje legitimiteten til det komande presidentvalet i landet.

Vladimor Putin avviser alt snakk om valfusk.

Vladimir Putin avviser alle krav om ein gjennomgang av parlamentsvalet 4. desember.

Foto: Yana Lapikova / Ap

Samstundes gjer Putin, som før han var statsminister sat åtte år som president, det klart at det ikkje blir snakk om å annullere parlamentsvalet 4. desember. Opposisjonen har skulda Putins parti «Vårt sameinte Russland» for omfattande valfusk, og at partiet på langt nær fekk så mange røyster som resultatet viser.

– Ingen grunn til gjennomgang

bloggeren Alexey Navalny

Bloggaren Alexej Navalny lovar å samle ein million i gatene mot Putin i januar.

Foto: Evegenia Vorobyeva / NRK

– Valet er over. Nasjonalforsamlinga har starta arbeidet sitt, og det er valt ein leiar for forsamlinga. Statsdumaen fungere. Det er ingen grunn til å snakke om ein gjennomgang, sa Putin til journalistar i Moskva i dag.

Putin, som er favoritt til å bli president i Russland igjen, skuldar opposisjonen for å mangle eit klart mål og for å mangle klare leiarar.

Han åtvara mot ein situasjon der det blir gjort forsøk på å øydeleggje for alt som skjer i det offentlege liv, og framfor alt øydeleggje vala. Han seier at han ynskjer eit ope og rettferdig val 4. mars.

– Eg kan seie som ein av kandidatane at det ikkje er behov for juks. Eg ynskjer viljen til folket og deira tillit. Utan denne tilliten er det ikkje verd å jobbe vidare, seier Putin.

LES OGSÅ: Dmitrij gikk forbi en demonstrasjon. De neste 15 dagene satt han fengslet.

LES OGSÅ: Derfor vender de unge Putin ryggen

120.000 mot Putin

Julaftan deltok 120.000 menneske i ein protest mot Putin i Moskva, og ein framståande bloggar, Alexej Navalny, seier at dei vil mobilisere ein million menneske i Moskva sentrum i slutten av januar neste år.

Protestane i Moskva julaftan retta seg meir direkte mot Putin enn tidlegare protestar. Mange er rasande fordi dei meiner at den tidlegare presidenten har gått utanfor grunnlova for å sikre seg ein ny periode som president.

Grunnlova seier at ein president berre kan sitje i to periodar, altså to gonger fire år slik Putin gjorde frå 2000–2008. Mange meiner han har brukt noverande president Dimitrij Medvedev som erstattar i ein periode, slik at han kan bli president igjen frå neste år.

LES OGSÅ: 20 år siden Sovjetunionens oppløsning

LES OGSÅ: - Putin har flertallet bak seg

– Ein hån mot demokratiet

Medvedev gjorde det klart tidlegare i haust at han ikkje er kandidat til presidentvalet, og at han vil støtte Vladimir Putin. Putin har sagt at Medvedev er hans kandidat til statsministerposten.

Opposisjonen meiner dette er ein hån mot demokratiet og mot grunnlova, og dei ulike partia som er i opposisjon til Kreml, lovar å samarbeide tett fram mot presidentvalet i mars.

LES OGSÅ: Planlegger nye demonstrasjoner: – Putin holder maks to år til

LES OGSÅ: - 120.000 demonstrerer i Moskva