Hopp til innhold

Putin utropar seg sjølv til vinnar

Statsminister Vladimir Putin gjorde reint bord med over seksti prosent av stemmene i det russiske presidentvalet, ifølgje valdagsmålingar.

Putin held sigerstalen til tilhengjarane sine

Putin held sigerstalen til tilhengjarane sine etter å ha vunne valrunden

Foto: DENIS SINYAKOV / Reuters

Etter ein pause på fire år kan dermed Vladimir Putin truleg allereie etter første valrunde igjen vere klar til å ta over presidentstolen.

Tårene rann

To valdagsmålingar gir Putin i første omgang ei oppslutning på 58.3 prosent og 59.3 prosent. Talet stig til over seksti prosent søndag kveld, og sjølv om tala ikkje er endelege, har Putin utropt seg til vinnar.

– Vi har vunne i ein open og ærleg kamp, seier Vladimir Putin etter valdagsresultatet søndag kveld. Han avviser påstandane om omfattande valjuks.

Storfeiring av Putin sin valsiger i Russland

Mange tusen samla seg i gatene for å feire valsigeren til Putin.

Foto: DENIS SINYAKOV / Reuters

Ifølgje Reuters rann tårene ned over kinna til den komande presidenten då han snakka til tilhengjarane som samla seg for å feire han i sentrum av Moskva i kveld.

100 000 feirar sigeren

Over 100 000 menneske har samla seg utanfor Kreml i Moskva i ein støttedemonstrasjon for å feire sigeren til Vladimir Putin, opplyser russisk politi.

Kommunistleiaren Gennadij Ziuganov ser ut til å få rundt 18 prosent av stemmene, og nasjonalistveteranen Vladimir Zjirinovskij får støtte frå 8 prosent av veljarane i det førebelse valresultatet.

Et Rettferdig Russlands leiar Sergej Mironov ligg an til å få oppslutning på rundt 4 prosent, medan den einaste uavhengige kandidaten, milliardæren Mikhail Prokhorov, ligg an til å få støtte frå 8–9 prosent av veljarane

Kan bli bråk

– Opposisjonen er i harnisk over dette resultatet, opplyser utanrikskorrespondent Hans Wilhelm Steinfeldt i Moskva, og varslar at det kan bli bråk.

Opposisjonen kallar resultatet for kriminelt valfusk og nektar å godta resultatet. Dei meiner tala kan forandre seg når dei offisielle tala blir lagt fram i morgon, då dei store byane som Moskva, St. Petersburg og Ekaterinburg enno ikkje er rekna med.

SJÅ VIDEO:

Video Hans Wilhelm Steinfeld fra Moskva

VIDEO: Hans Wilhelm Steinfeld frå Moskva

– Kan ikkje vere rett

Kommunistleiar Ziuganov meiner dette er eit resultat av valjuks. Han uttalte etter offentleggjering av valresultatet i dag at desse tala ikkje kan verte rekna som legitime.

Påstandar om juks

Påstandar om valjuks utløyste omfattande demonstrasjonar etter førre val, og myndigheitene har svart med å gjere valurner gjennomsiktige, og investert i kamera i over 90 000 vallokale.

Gennadij Zjuganov

Kommunistleiar Ziuganov med rundt 18 prosent av stemmene, meiner tala ikkje kan vere rette.

Foto: MIKHAIL VOSKRESENSKY / Reuters

Opposisjonelle krefter har på si side svart med å rekruttere titusenar av observatørar.

Over 27 000 valobservatørar har følgt valet i dag, og fleire meldte om mistankar om juks. Dette blei kontant avvis av den sentrale valkommisjonen, melder NTB.

– Ikkje overraskande

Putin har heile vegen vore storfavoritt til å vinne presidentvalet. På dei siste meiningsmålingane før valet hadde han støtte frå rundt 60 prosent av veljarane.

Ifølgje Russland-ekspert Helge Blakkisrud ved NUPI har alle meiningsmålingar tydd på Putin-siger i dag.

Han trur dette skuldast at Putin har brei oppslutning blant fleire grupper, og ikkje berre på grunn av juks og svake konkurrentar.

– Putin har støtte i folket

Putin klarte å stabilisere Russland og skape vekst som president på 2000-talet, noko som skaffa han brei støtte.

– Putin trefte med konjunkturane og kom med ein bodskap som appellerte til det breie lag av innbyggjarane. Tilhengarane forbind Putin med auke i velstand og trygge rammer, seier Blakkisrud.

Men mange, spesielt unge russarar, er også lei korrupsjonen og det autoritære styret i Kreml.

Lei av korrupsjon

Det har vore fleire støttedemonstrasjonar for Putin, og bakmennene har blitt skulda for å tvinge og betale folk, særskilt ungdommar, til å frakte inn offentleg tilsette og studentar frå arbeidsplassar og universitet.

Desse påstandane hagla då 120 000 russarar samla seg på Moskva stadion 23. februar, tilsynelatande for å hylle Putin, som sjølv nytta høvet til å fyre laust mot dei han vil ha fjerna.

– Det er nok noko i dette. Putin sitt apparat brukar enorme ressursar inn mot tilsette i staten, der folk blir fortalt at dei skal støtte sjefen, altså Putin. Eg er overtydd om at det er hald i desse påstandane, seier Blakkisrud.

SISTE NYTT

Siste nytt