Hopp til innhold

Putin erklærer to ukrainske område som «uavhengige» – Moskva er pynta til fest

I eit presidentdekret skriv president Putin at Kherson og Zaporizjzja er «uavhengige territorium». Det opnar for formell annektering allereie fredag. FN har kalla inn til hastemøte.

Bannere på den røde plass i Moskva sier at Donetsk, Luhansk, Zaporizhzhia, Kherson er russiske. 29 sept. 2022

PYNTA TIL FEST: På den Røde plass i Moskva er scene og tribunar sett opp. På store banner blir dei fire ukrainske regionane Kherson, Zaporizjzja, Donetsk og Luhansk utnemnde som russiske.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

I sentrum av Moskva, på den Raude plassen, er førebuinga til annekteringa godt i gang. Tribunar, scene og fargerike banner og eit stort oppbod av politi og soldatar er på plass.

Det er varsla at president Vladimir Putin skal halde ein viktig tale fredag, og det er planlagt konsertar.

Reuters siterer torsdag kveld eit presidentvedtak underskrive av Putin, der landet anerkjenner to område sør i Ukraina som «uavhengige» etter dei ufrie «folkeavstemmingane» i førre veka.

I dekretet erklærer Putin at Kherson og Zaporizjzja er «uavhengige territorium».

Dekretet vart gjengitt av den russiske nettstaden Meduza fredag.

Arena for proklamering foran Kreml

Scena og bannera etterlet inga tvil om kva som skal skje fredag i Moskva. Arenaen for proklameringa vart bygd opp torsdag framfor Kreml.

Foto: EVGENIA NOVOZHENINA / Reuters

Tvangsinnlemming av 4 regionar

Det opnar vegen for at regionane kan bli formelt tvangsinnlemma i Russland, i strid med folkeretten. Russland varsla tidlegare i veka at i alt fire ukrainske område vil bli innlemma i Russland.

Det gjeld då også dei russisk-okkuperte områda Donetsk og Luhansk som ligg aust i Ukraina. Dei vart erklærte som uavhengige alt før russiske soldatar invaderte Ukraina i februar.

Den formelle erklæringa om annektering er venta å komme fredag når Putin går på talarstolen under ein seremoni klokka 14 fredag norsk tid.

Les meir Russland annekterer okkuperte område

President Vladimir Putin deltok torsdag på ein videokonferanse i det russiske tryggingsrådet.

President Vladimir Putin leidde torsdag ein videokonferanse i det russiske tryggingsrådet.

Foto: SPUTNIK / Reuters

Hastemøte i Tryggingsrådet i FN

Tryggingsrådet i FN er innkalla til eit hastemøte fredag der medlemmane skal stemme over ein resolusjon som omhandlar folkerøystingane som Russland har halde i okkuperte delar av Ukraina.

Resolusjonsframlegget er skrive av USA og Albania, men teksten er ikkje offentleggjort enno.

Putin bruker resultatet av dei ufrie folkerøystingane som han seier viste stort fleirtal blant innbyggjarane for å bli ein del av det russiske riket, som grunngjeving for den varsla annekteringa.

Dette vert avvist av vestlege land som seier folkerøystingane ikkje var frie, at regionane tilhøyrer Ukraina og at det er i strid med folkeretten og FN-pakta å halde slike val på okkuperte område.

Ikkje kontroll

Russland har ikkje full militær kontroll over nokon av dei fire regionane. Deler av Luhansk og Donetsk har frå 2014 vore leidd av russisk-støtta separatistar. Russland har sidan anerkjent desse som sjølvstendige folkerepublikkar.

Store deler av Kherson- og Zaporizjzja har sidan krigen starta vore under russisk kontroll. Og torsdag kom altså den formelle erklæringa om at Russland reknar dei som sjølvstendige, basert på dei ufrie «folkerøystingane» førre veka.

Den Raude plassen i Moskva er sperra av før fredagens store arrangement.

Den Raude plassen i Moskva var torsdag sperra av før fredagens store arrangement.

Foto: ALEXANDER NEMENOV / AFP

Vala vert ikkje rekna som korkje frie eller rettvise av internasjonale observatørar. Dei er rekna som brot på folkeretten. Noreg og ei lang rekke vestlege land har fordømt folkerøystinga, som ifølgje russiske styresmakter viste eit stort fleirtal til å bli innlemma i det russiske riket.

Reprise av Krim

Det er ikkje første gongen at Russland har annektert regionar i Ukraina. I 2014 okkuperte Russland den ukrainske Krim-halvøya i Svartehavet i et lynangrep.

Etter dette vart det også organisert ei «folkerøysting», som enda med stort fleirtal for å innlemme halvøya i Russland. Store deler av verda reknar framleis Krim som ein del av Ukraina.

SISTE NYTT

Siste nytt