Putin ber Europa betale for Ukrainas gass

I kveld seier Russlands president Vladimir Putin at Russland og Ukraina er einige om ein avtale som sikrar gassforsyningar til Ukraina gjennom vinteren. Men Putin ber samstundes europeiske land om å hjelpe Ukraina med pengar.

TOPSHOTS-ITALY-SUMMIT-EU-ASIA-ASEM-RUSSIA-UKRAINE

Russlands president Vladimir Putin (til venstre) og hans ukrainske kollega Petro Porosjenko (til høgre) møttest i dag til samtaler i Milano. Med på møtet var også Frankrikes president François Hollande og Tysklands forbundskanslar Angela Merkel, som begge smilte, i alle fall då biletet vart teken.

Foto: GIUSEPPE CACACE / Afp

Putin og hans ukrainske kollega Petro Porosjenko har møttest fleire gonger i dag for å diskutere konflikten i Aust-Ukraina. Ukraina skuldar Russland for å bidra til konflikt inne i Ukraina ved å støtte opp om dei prorussiske separatistane i landet.

Inga langvarig gassløysing

Eit av dei store spørsmåla for tida er Russlands forsyningar av gass til Ukraina. Det er ikkje mange vekene att til kulda slår inn for fullt, og i Ukraina byrjar det no å haste med å få i gang forsyningane av gass frå Russland.

Gassen frå Russland til Ukraina vart stoppa i juni stoppa fordi ukrainske styresmakter nekta å betale den oppjusterte prisen.

I kveld seier Putin at det er funne ei løysing for den kommande vinteren, men at det framleis er usikkert om det vil kome på plass noko langvarig avtale mellom dei to landa.

– Me fekk ikkje til ei ordentleg resultat rundt gasspørsmålet. Me håper å finne ei løysing før 21. oktober, sa Ukrainas president, Petro Porosjenko, etter møtet ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Vladimir Putin sa også etter møtet at Ukraina har smått med pengar til å betale si gassgjeld til Russland, og at han håper Vesten vil hjelpe Ukraina med sine pengeproblem.

– Me vurderer det slik at våre europeiske samarbeidspartnarar, og EU-kommisjonen, må gi Ukraina ei hjelpande hand for å få løyst dette problemet, sa Putin etter møtet ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Langt mellom partane

Også tidlegare i dag var dei to presidentane i samtaler i Milano, der dei begge er til stades for å vere med på eit toppmøte mellom asiatiske og europeiske land. Då skal det ha vore stor avstand mellom dei to partane, og få av dei som deltok på møtet var optimistiske.

– Så langt kan eg ikkje sjå noko gjennombrot i det heile tatt, sa Tysklands forbundskanslar Angela Merkel etter møtet som også ho var med på.

I tillegg til ein gassavtale har partane også diskutert den pågåande konflikten i Aust-Ukraina, og korleis partane skal styrke den skjøre våpenkvila som er inngått, men som ikkje har blitt følgt godt nok opp.

Seinast i dag skal tre ukrainske soldatar ha blitt drepne, ifølgje det ukrainske militæret, medan elleve andre soldatar er meldt sakna.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt