Då dei tre kvinnene frå protestgruppa Femen møtte i retten i Tunis i dag, var det fleire tunisiske demonstrantar som hadde møtt opp utanfor. Mange av dei var til stades for å vise sin avsky mot det kvinnene har gjort.
– Korleis kan du forsvare desse kvinnene? Du er ikkje tunisisk, du er ikkje muslim, du har verken kone eller born, ropte dei frammøtte til kvinnene sin tunisiske advokat.
– Har ikkje høyrt på kvinnene
Patrick Klugman er ein av dei andre advokatane som forsvarer kvinnene. Han hadde kome frå Paris for å snakke kvinnene si sak, og meiner kvinnene er særs dårleg behandla.
– Heilt frå byrjinga av har retten høyrt på dei islamske salafistane, og ikkje på kvinnene. Salafistane er ikkje eingong ein del av denne saka, sa Klugman i rettsmøtet.
- LES OGSÅ:
Viste støtte til medaktivist
Det skulle vise seg å bli eit kort rettsmøtet, fordi retten trong meir tid på å bestemme om sivile islamske grupper skal få ta del i rettssaka og seie kva dei meiner om det topplause stuntet.
Retten skal samlast at den 12. juni. Kvinnene er tiltalt for upassande framferd i det offentlege rom etter å ha protestert ved å ta av seg på overkroppen.
Dei tre kvinnene protesterte topplause for å vise si støtte til Amina Tyler, ein annan Femen-aktivist, som vart arrestert då ho protesterte utanfor ein ultrakonservativ muslimsk konferanse i Tunis.