Hopp til innhold

Pulver-alarm også på svensk postkontor

Ein Postnord-terminal i det sørlege Stockholm er avsperra etter funn av mistenkjeleg pulver i to pakkar. Ingen skal vere skadd.

Mystisk pulver på postterminal i Årsta i Stockholm.

Det vart slått alarm etter funnet av to pakkar med eit mistenkjeleg pulver vart oppdaga inne på postterminalen i Årsta sør i Stockholm.

Foto: Marko Säävälä / NTB scanpix

Det var ved 05.30 tida i dag at personalet på Postnord-terminalen i Årsta i Stockholm oppdaga ein pakke med eit mistenkjeleg pulver. Seinare vart det funne endå ein pakke med mistenkjeleg innhald, melder Aftonbladet.

Nils-Inge Karlsson ved Storstockholms räddningscentral seier at innhaldet i pakken er isolert, og at ingen er direkte eksponert for pulveret. Det er ikkje venta ei avklaring før i løpet av ettermiddagen.

Vaskeprosess

Nyheitsbyrået TT melder at den andre pakken vart oppdaga eit par timar seinare. For å vere sikker skal fem personar som var i nærleiken av pakken, gjennom ein sepsialdusj. Både redningstenesta og smittevernlegar er på staden.

– Det er ingen indikasjonar på skadar, men fem personar skal vaskast. Det er ei spesialgruppe ved Jarfälla brannstasjon som har bygd opp ein saneringsplass inne på terminalen, seier Lars Madsen ved Stockholms brannvesen til SVT.

Bombegruppa til politiet er også på staden. Dei skal ta med seg dei mystiske pakkane slik at dei kan undersøkjast av ekspertar. Ein bygning der 29 tilsette jobbar er evakuert av frykt for at pulveret kan vere farleg.

Så seint som 19. mai i år vart det også oppdaga ein pakke med eit mistenkjeleg pulver ved dette postkontoret.

Pulveralarm i Årsta.

19. mai i år vart det også slått alarm etter funn av eit mystisk pulver i ein pakke på terminalen i Årsta.

Foto: Johan Nilsson / TT / NTB scanpix

Pulveret isolert

– Vi går ut frå at det er eit farleg pulver, så får vi sjå kva analysen seier. Vi har bra med ressursar på plass som har isolert pulveret, seier pressetalsmann ved Stockholmspolisen, Hesam Akbari til SVT.

Dette skjer berre få timar etter at 44 menneske vart tekne til sjukehus ved Postterminalen i Stokke i Vestfold etter at dei vart eksponerte for eit mystisk pulver. VG melder at det er kontakt mellom norsk og svensk politi i saka.

– Svensk politi har teke kontakt med oss. Vi kan ikkje sjå bort frå at det er relevant, utan at ein kan sjå det i direkte samanheng, opplyser operasjonsleiar Per Andreassen til avisa.

Stockholm-politiet stadfestar overfor SVT at dei har oppretta kontakt med norsk politi i saka.

årsta

SISTE NYTT

Siste nytt