Carles Puigdemont var torsdag og fredag i Finland. Han var invitert for å delta på møte i nasjonalforsamlinga. Fredag heldt han ein tale ved universitetet i Helsingfors.
Søndag blei han arrestert ved grensa mellom Danmark og Tyskland. Han var då på veg til Belgia. Tysk politi opplyser at han blei arrestert klokka 11.19 av trafikkpolitiet i delstaten Schleswig-Holstein.
- Les også:
- Urix forklarer:
Regionforsamlinga i Catalonia vedtok lausriving frå Spania i slutten av oktober 2017. Responsen frå hovudstaden Madrid kom raskt. Den spanske statsministeren Mariano Rajoy oppheva sjølvstyret i Catalonia.
Rømde til Belgia
Etter dette rømde Carles Puigdemont frå Spania, og bur no i eksil i Belgia. Han er sikta for oppvigling, underslag og opprør i samband med forsøket på å lausrive Catalonia frå Spania.
Han og fem andre katalanske separatistleiarar er etterlyst internasjonalt. Dersom dei blir dømde for opprør, kan dei få opptil 30 års fengsel.
Nederlag for Rajoy
Den katalanske regionforsamlinga blei oppløyst, og statsminister Mariano Rajoy utlyste nyval i håp om at katalanarane ville stemme fram parti som ville at regionen framleis skulle vere ein del av Spania. Slik gjekk det ikkje.
Under valet i desember 2017 gjorde partiet hans, Partido Popular, det dårlegaste valet i Catalonia nokon gong.