Tilstanden til den israelske statsministeren er i dag framleis kritisk, men stabil. Han er framleis tilkopla ein respirator, men i går greidde han å puste ved eiga hjelp.
Ei israelsk nettavis skriv i dag at Sharon i dag har reagert på smerte ved å røyve på venstre sida av kroppen, etter at han i går røyvde på høgre handa og høgre foten.
Omri Sharon, ein av sønene til Ariel Sharon, forlet sjukehuset i Jerusalem etter eit besøk. hos faren. (Foto: Reuters/Scanpix)
Legane seier det kan ta fleire dagar før det blir klart om Ariel Sharon vil overleve hjerneblødingane han har gjennomgått, eller kor store skadar han har fått.
Positivt
Etter at han i går røyvde på både høgre handa og høgre foten, vart dette tolka positivt av legane. Dei har likevel vore klare på at Sharon neppe nokon gong til bli så frisk at han kjem tilbake i israelsk politikk.
Etter at legane som behandlar Sharon fekk vite at han er svært glad i den austerrikske komponisten Wolfgang Amadeus Mozart sin musikk, blir det no spelt Mozart-musikk heile døgnet på rommet der han ligg.
Det er håp om at dette kan gjere oppvakings-prosessen lettare for statsministeren.
Legane hans fortel at dei også vil prøve å plassere duftande kebab-smørbrød ved senga, også det i håp om at det kan vere med på å gjere oppvakinga lettaren.
Spekulasjonar
Media i Israel spekulerer i stor stil på årsaka til hjerneblødingane Sharon har vore gjennom. I dag skriv ei avis at den blodfortynnande medisinen han fekk etter det første hjerneslaget, kan ha utløyst den kragtige hjerneblødinga han vart råka av sist onsdag.
Avisa meir enn ymtar at han har fått ein medisin han ikkje burde ha fått.
Korrupsjonssak
I går vart det spekulert i om at ein reportasje på israelsk fjernsyn tidlegare på kvelden sist onsdag, som på nytt knytte Sharon til ei korrupsjonssak, også kunne ha vore ein utløysande faktor.
Det skal heller ikkje gløymast at Sharon er 77 år gammal, er sterkt overvektig, og har hatt ein arbeidskapasitet og eit arbeidstempo langt yngre menneske ville ha problem med.