Prøvde å stoppe Boris Johnson på veg til dronninga

Ei gruppe demonstrantar prøvde å stoppe Boris Johnson som var på veg til Buckingham Palace for å møte dronninga. Johnson held sine første tale som britisk statsminister onsdag ettermiddag.

Her blir bilen som Boris Johnson sit i, stoppa av demonstrantar.

I steikande solskin hadde demonstrantar frå Greenpeace stilt seg opp i London for å forsøke å stoppe bilen som Boris Johnson, leiaren av Det konservative partiet i Storbritannia, sat i.

Dei fleste av demonstrantane hadde stilt seg opp tvers over gata, heldt kvarandre i hendene. Nokre kom seg og nærare bilen og viste fram banner mot bilen Johnson sat i.

Bilen – ein Jaguar – stoppa ei lita stund eit stykke frå demonstrantane medan politi på motorsyklar brøyt opp demonstrantane og fekk dei ut av vegen.

Johnson fekk til slutt møte dronninga som gav han statsministeroppdraget og nøklane til Downing Street 10, som nå gjer han formelt til statsminister i Storbritannia.

Boris Johnson og dronning Elizabeth

Boris Johnson møter dronning Elizabeth II i Buckingham Palace.

Foto: Victoria Jones / AFP

Desse er bekrefta til dei viktigaste ministerpostane:

  • Sajid Javid blir ny finansminister. Han var tidlegare innanriksminister.
  • Dominic Raab blir ny utanriksminister.
  • Priti Partel tar over som innanriksminister.

Lova Brexit-løysing innan 99 dagar

Seinare onsdag ettermiddag kom Johnson til statsministerbustaden med den kjende svarte døra.

Framfor ei stor mengde journalistar held han sin aller første tale som statsminister.

I talen var Johnson tydeleg på at han skulle ta Storbritannia ut av EU og fullføre Brexit 31. oktober. Han insisterte frå talarstolen på at avstemminga om å forlate Den europeiske union må bli respektert.

– Eg er sikker på at vi vil ha løyst det innan 99 dagar, sa Johnson som vil gjere ein heilt ny avtale med Brussel.

Den nye avtalen skal ifølge Johnson vere ein betre avtale som vil maksimere mogelegheitene for Brexit til å skje.

Skulle han ikkje få avtalen slik han ønsker, trua Johnson med ikkje å betale dei om lag 420 milliardar kronene som utmeldingsavtalen vil koste Storbritannia.

Sjå direkte frå London der Johnson dannar ny regjering.

Vil ha meir politi

I løpet av talen kunne ein ved fleire anledningar høyre høg buing og piping frå demonstrantar. Johnson lét seg ikkje avbryte og fortsette med å fortelje kva han skulle gjere som statsminister.

Den nye statsministeren proklamerte at hans jobb er å tene folket.

– Viss det er eitt poeng vi politikarar må huske, så er det at folket er våre sjefar, sa han.

Johnson fortsette og sa at hans jobb var å gjere gatene tryggare.

– Vi vil begynne med 20.000 ekstra politi i gatene, og vi startar rekrutteringa med ein gong, sa han og klemte saman tommelen og peikefingeren for å understreke det.

Boris Johson

Boris Johnson gestikulerer under sin første tale som statsminister i Storbritannia.

Foto: Ben Stansall / AFP

Johnson sa òg frå talarstolen at nå startar arbeidet med å finne ei ny regjering. Det er venta at han vil presentere dei første regjeringsmedlemmene i løpet av onsdag kveld.

I løpet av talen sa Johnson også at han vile jobbe for å takle klimaendringane og satse på grøne jobbar.

Hunt ferdig som minister

Onsdag kveld skreiv Hunt på Twitter at han takk nei til å bli forsvarsminister i Johnson si regjering.

Laster Twitter-innhold

Hunt skriv på Twitter at han fekk tilbod om ei anna rolle enn den han hadde i regjeringa, men at han etter ni år i regjering har bestemt seg for å bruke tid på den største utfordringa av dei alle, nemleg å vere ein god far for sine tre barn.

Førstelektor i statsvitskap ved UiO, Øyvind Bratberg, meiner at Johnson vil trenge at andre fløyer i partiet blir representert i regjeringa si.

Han seier vidare at det i desse fløyene finst politikarar som er skeptiske til om Johnson klarer å ta Storbritannia ut av EU, og om han i det heile tatt bør gjere det på premissane han har.

Samtidig seier Bratberg at det vil bli vanskeleg for Johnson, som leiar ei mindretalsregjering som manøvrerer frå skanse til skanse.

– Han har ikkje råd til å koste på seg å skape mange fiendar i sitt eige parti, seier Bratberg.

– Bunden av manus

På spørsmål om kva slags tale den tidlegare borgarmeisteren i London held, seier førstelektor Bratberg, at det var ein typisk Johnson-tale.

Øyvind Bratberg, statsviter ved Uio

Øivind Bratberg, førstelektor i statsvitskap ved UiO.

Foto: Johan B. Sættem

– Det er ein tale som er energisk, pågåande, full av optimisme og noko mindre djuptgåande i substans, slik Boris Johnson ofte er, seier Bratberg.

Bratberg seier vidare at Johnson i denne talen var bunden av manus som gav ein del konkrete haldepunkt.

– I realiteten presenterer han material han har snakka om gjennom heile leiarvalkampen, seier førstelektoren.

SISTE NYTT

Siste nytt