NRK Meny
Normal

Opprørarar i Afghanistan til angrep på kvinnelege politifolk

Ein kvinneleg politisjef i Helmand-provinsen i Afghanistan overlevde eit drapsforsøk i dag. Dette skjer to månader etter at forgjengaren hennar i jobben vart drepen.

Kvinnelege politifolk i Afghanistan.

Mange kvinnelege politifolk er utsette for angrep i Afghanistan. Her ei gruppe nyutdanna politikvinner i Herat.

Foto: Aref Karimi / Afp

Kvinner i framståande stillingar blir ikkje tekne godt mot av Taliban og andre opprørsgrupper i Afghanistan, spesielt ikkje i Helmand-provinsen.

Den kvinnelege sjefetterforskaren Negar var på veg inn i bilen sin for å køyre på jobb, då to menn på motorsykkel kom opp mot henne og opna eld. Ein talsmann for Helmand-politiet, Omar Zawak, seier at ho kjem til å overleve.

Forgjengaren drepen

Livvaktene hennar skaut tilbake mot angriparane, men dei greidde å kome seg unna, melder nyheitsbyrået Ap.

Malalai Kakar, afghansk politikvinne

Politikvinna Malalai Kakar vart drepen av Taliban i 2008.

Foto: STR / AFP

35 år gamle Negar tok over jobben som sjefsetterforskar for politistyrken i Helmand etter 37 år gamle Islam Bibi, som vart skoten og drepen av ukjende menn i juli. Også det skjedde medan ho var på veg til jobben.

Det er uklart kven som stod bak dette drapet, men Bibi hadde sagt til journalistar like før at ho var trua av mannlege medlemer av hennar eigen familie fordi ho jobba I politiet.

Fleire afghanske kvinner, som har hatt jobbar som er uvanlege for kvinner i landet, har vore utsette for angrep eller blitt bortførde dei siste månadene.

LES OGSÅ: Taliban avretta kvinneleg forfattar

LES OGSÅ: Ny religiøs kvinnediskriminering i Afghanistan

Fleire attentat

Tidlegare denne månaden vart ein kvinneleg parlamentarikar halden som gissel i fire veker av Taliban før ho vart sett fri i byte med fengsla opprørarar. I august vart bilkolonnen til ein kvinneleg senator angripen av væpna menn. Ho vart alvorleg såra i angrepet, medan den åtte år gamle dottera hennar og ei livvakt vart drepne.

Dei siste åra har fleire kvinnelege politifolk blitt drepne i Afghanistan. Den mest kjende av alle kvinnelege politifolk i Afghanistan, Malalai Kakar, som tenestegjorde i Kandahar-provinsen, vart drepen av Taliban i 2008.

I juli i år var det 1550 kvinnelege politifolk i Afghanistan, og det utgjer rundt ein prosent av styrken på rundt 157.000. I 2005 var det 180 kvinner av 53.400 politifolk.

LES OGSÅ: Torturerte svigerdatter i fem måneder - slippes fri fra fengselet

Seksuell trakassering

Det er inga lett oppgåve å vere kvinneleg politi i Afghanistan, spesielt ikkje i Helmand og Kandahar. Ifølgje Oxfam opplever mange av dei stor motstand frå eigne familiar mot å gå inn i politiet, og mange blir også utsette for seksuell trakassering av kollegaer.

Dei opplever også ofte å berre blir sett til gjere enkle oppgåver, som å servere te.

Oxfam meiner likevel at kvinnelege politifolk har ei viktig oppgåve i samfunnet, fordi mange kvinner og jenter har vore redde for å melde inn saker til mannlege politifolk.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt