– Vi vil ha denne regjeringa ut. Vi er lei av å ikkje sjå løysingar, folk svelt i hel, sa 80 år gamle Mercedes Guerrero de Ramirez til Reuters då ho møtte fram for å stemme kl. 05.30 søndag morgon.
Ein dryg time seinare opna den uoffisielle folkeavstemminga, ein form for sivil ulydnad, i regi av opposisjonen, som blir stadig meir frustrert over landets leiar og det dei meiner er på veg til å bli eit diktatur.
- Les også:
Kjempar mot grunnlovsendring
Folkeavstemminga kjem etter fleire månader med protestar, der nær 100 menneske har mist livet. Kun rundt 20 prosent av innbyggarane har tillit til Maduro etter lang tid med djup økonomisk krise.
Nicolás Maduro tok over som president etter Hugo Chávez' død i 2013. Her med eit eksemplar av grunnlova som han håpar å endre.
Foto: HANDOUT / ReutersMaduro sjølv seier folkeavstemminga, som har mobilisert venezuelanarar i 80 land, er ulovleg og meiningslaus, og held fram å drive kampanje for 30. juli. Då arrangerer regjeringa ei folkeavstemming for ein såkalla «folkekongress» som skal skrive landets nye grunnlov.
- Les også:
I dagens symbolske avstemming kunne folk stemme over kor vidt dei avviser folkekongressen, om dei meiner at hæren skal forsvare den eksisterande grunnlova og om dei vil ha nyval før Maduros presidentperiode går ut i 2018.
Også venezuelanar i utlandet kunne stemme. I heile 80 land, inkludert Noreg, var det arrangert val. Her er to venezuelanar som trassa heten for å stemme Madrid.
Foto: GERARD JULIEN / AFPIkkje overraskande blei planen om ein folkekongress nedstemd i nasjonalforsamlinga, der opposisjonen har fleirtal. Dei meiner Maduro brukar dette for å unngå nyval, der han ligg an til å tape. Ifølge ei meiningsmåling frå Datanalisis er 70 prosent av Venezuelas innbyggarar mot ein slik folkekongress.
Maduro hevdar at den noverande grunnlova, frå 1999, treng oppdatering for å takle den økonomiske krisa landet er i, og for å stoppe protestane som har vart i fleire månader.
Sjølv om statleg media hadde fått forbod mot å nemne ordet "folkeavstemning" var det nok av folk som hadde fått det med seg, og møtte fram for å stemme. Her i hovudstaden Caracas
Foto: RONALDO SCHEMIDT / AFP– Vil nok bidra til ytterlegare polarisering
Etter avstemminga har opposisjonen annonsert noko dei omtaler som «nullte time», som kan referere til ein nasjonal streik eller andre handlingar mot Maduro, ifølge Reuters.
Julio Borges, president i nasjonalforsamlinga som er dominert av opposisjonen. Maduro har nekta å anerkjenne nasjonalforsamlinga sidan opposisjonen vann kontroll over denne i 2015, eit av fleire ting kritikarane peikar på for å bevise at han er i ferd med å undergrave demokratiske institusjonar for å halde på makta.
Foto: ANDRES MARTINEZ CASARES / Reuters– Morgondagen vil bli veldig annleis. Ved morgongry måndag vil vi sjå alt som blei oppnådd i dag ... Det må bli ei reell endring i korleis dette landet blir styrt, sa presidenten for nasjonalforsamlinga, Julio Borges søndag morgon.
Benedicte Bull, UiO-professor som leier Nettverk for Latin-Amerika-forsking, har ikkje like stor tru på utfallet av dagens folkeavstemming;
– Det kan jo ha ein symbolsk samlande effekt på opposisjonen, men noko skritt på veg mot ei løysing av konflikten trur eg ikkje det er.
Ho peiker på at både folkeavstemminga og prosessen med grunnlovsendring er styrt av motpolane i venezuelansk politikk, og trur at dette kjem til å bidra til ytterlegare polarisering.
- Les også: