Hopp til innhold

Demonstrantar skuldar Ahmadinejad for iransk pengekrise

Fleire hundre demonstrantar støytte saman med opprørspoliti i den iranske hovudstaden Teheran onsdag. Dei demonstrerte mot kollapsen i den iranske økonomien.

Harde samanstøytar i Teheran.

Politiet brukte tåregass mot rasande demonstrantar i Teheran onsdag.

Foto: - / Afp

Den iranske valutaen rial har mist 40 prosent av verdien sin opp mot amerikanske dollar den siste veka. Dette har fått mange til å protestere, og eit ukjent tal demonstrantar vart arresterte i tumultane.

Politiet brukte tåregass mot demonstrantane, som på si side ropte slagord mot president Mahmoud Ahmadinejad. Presidenten vart kalla ein svikar, og dei gav han skulda for dei økonomiske problema landet no er oppe i.

Aksjon mot pengevekslarar

Irans president Mahmoud Ahmadinejad.

Mahmoud Ahmadinejad legg skulda for krisa på USA, men nektar å gi etter for press.

Foto: Vahid Salemi / Ap

Politiet gjekk også til aksjon mot pengevekslarar, som lever av å veksle iranske rial mot amerikanske dollar. Dette er ikkje lovleg, men det er likevel ein stor svaratebørsmarknad for særleg amerikanske dollar i landet.

Den iranske rialen har nådd nye botnnoteringar mot dollar nærmast dagleg dei siste vekene. Amerikanske styresmakter meiner dette viser at dei økonomiske sanksjonane mot Iran no er merkbare for iranarar.

Mange iranarar er livredde for at den iranske valutaen skal bli heilt verdilaus, og derfor har det i det siste vore ein sterk pågang for å få veksle til dollar.

Ein vestleg diplomat i Teheran seier til nyheitsbyrået Reuters at det er tydeleg at mange no ynskjer å veksle til seg amerikanske dollar.

– Redde for pengane sine

LES OGSÅ: Iran rammet av økonomisk krise

LES OGSÅ: Ahmadinejad vil ha ny verdsordning

– Ahmadinejad si avgjerd om å bruke politiet mot pengevekslarar og spekulantar har ikkje vore til hjelp. Resultatet er at endå fleire no er redde for pengane sine, seier diplomaten.

Den største marknaden i Teheran har halde stengt onsdag. Innehavaren av ein elektronikkbutikk seier at han har stansa salet, fordi prisen på varene han skiftar fleire gonger i timen.

Irans øverste leder ayatolla Ali Khamenei

– Iran har aldri gitt etter for press, og vil aldri gjere det, seier ayatolla Ali Khamenei.

Foto: Scanpix/AFP

Det er venta at iranske styresmakter vil prøve å stengje all svartebørshandel av valuta. Dei vil truleg også pumpe pengar inn i økonomien for å prøve å stabilisere situasjonen, og det blir truleg også slått hardt ned på alle former for demonstrasjonar.

Legg skulda på USA

Mahmoud Ahmadinejad har lagt skulda for problema i økonomien på USA og dei internasjonale sanksjonane mot landet. Han har også gjort det klart at Iran aldri vil gi etter for press og gi opp landet sitt atomprogram.

Også den øvste leiaren, ayatolla Ali Khamenei, var klar på dette feltet i ein tale i dag.

– Den iranske nasjonen har aldri gitt etter for press og kjem aldri til å gjere det i framtida, og det har gjort fiendane våre sinte, sa han blant anna.

– Prøver minske tapet

Økonomen Mehrdad Emadi er fødd i Iran, men er no rådgjevar for EU, seier at fallet for den iranske valutaen har gjort at mange no prøver å gjere tapet så lite som mogleg ved å kjøpe dollar.

– Denne krisa kjem til å gjere situasjonen svært vanskeleg for mange vanlege iranarar, seier han til Reuters.

Også i januar i år var det valutakrise. Då førde det til at mange iranarar hamstra så mykje dei kunne av naudsynte varer.

Demonstrasjonar i Teheran.

Mange iranarar er rasande fordi verdien på den iranske valutaen har mist 40 prosent av verdien sin siste veka.

Foto: - / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt