Hopp til innhold

Protestane held fram i Thailand: – Kan provosere fram eit nytt militærkupp

Protestane mot styresmaktene og monarkiet i Thailand aukar i styrke. Thailand-ekspert Marte Nilsen meiner det er fare for eit nytt militærkupp i landet.

Demonstrasjoner Thailand

PROTEST: Fleire tusen demonstrantar har samla seg for å protestere mot styresmaktene og monarkiet i Thailand. Dette biletet er frå Bangkok søndag.

Foto: Mladen Antonov / AFP

Thailand erklærte førre veke unntakstilstand etter omfattande protestar mot regjeringa og monarkiet i landet.

Unntakstilstanden i landet inneber mellom anna at det ikkje er lov å vere samla fleire enn fire personar, og at politiet kan beslagleggje «elektronisk kommunikasjonsutstyr, data og våpen som blir sett på å ha skapt krisesituasjonen».

Marte Nilsen er Thailand-ekspert og seniorforskar ved Institutt for fredsforsking (PRIO). Ho seier til NRK at demonstrasjonane kan provosere fram eit nytt militærkupp i landet.

– Det er tydeleg at det ikkje nyttar å undertrykkje studentane. Det mobiliserer berre fleire i gatene. Demonstrasjonane spreier seg no til fleire byer i Thailand.

– Samstundes har ikkje statsminister Prayut Chan-o-cha vore veldig villig til å forhandle med demonstrantane. Dersom dette eskalerer, er det nærliggjande å tenke at det kan provosere fram eit nytt militærkupp i Thailand og at Chan-o-cha må gå, seier ho.

Marte Nilsen

Marte Nilsen er Thailand-ekspert og seniorforskar ved Institutt for fredsforsking (PRIO).

Foto: Prio

Fleire arresterte

Vedtaket om unntakstilstand har gjort lite inntrykk på demonstrantane, som har vakse i styrke dei siste dagane.

Politiet har prøvd å stanse demonstrantane med tåregass og vasskanonar, og fleire har vorte arresterte. Ifølgje BBC har minst 80 menneske vorte arresterte sidan tysdag.

Det har òg vorte gitt ordre om etterforsking av fire nyheitsmedium som har rapportert frå demonstrasjonane mot regjeringa og kongehuset.

I eit forsøk på å stanse protestane, er det i tillegg gjennomført restriksjonar på meldingstenesta Telegram, som fleire av aktivistane bruker for å kommunisere med kvarandre.

Politi, demonstranter Thailand

Opprørspolitiet prøver å stanse deltakarane i ein demonstrasjon fredag førre veke.

Foto: Mladen Antonov / AFP

Ekstraordinært parlamentsmøte

Måndag offentleggjorde Chan-o-cha at han har innkalla til eit ekstraordinært parlamentsmøte på grunn av den spente situasjonen i landet.

– Regjeringa må verne monarkiet. Det er plikta til alle thailandske borgarar, seier statsminister Prayut Chan-o-cha i ei fråsegn måndag.

– Eg krev fredelege protestar. Vi prøver etter beste evne å unngå å bruke makt.

Chan-o-cha hevda vidare at regjeringa hadde gjort sitt beste for å inngå kompromiss, og bad òg demonstrantane om å ikkje øydeleggje statleg og offentleg eigedom.

– Eg vil oppmode dei til å vere ekstra forsiktige, sa han.

Les òg: Stengte 77 T-banestasjoner i Thailand

Thailand Protests

Politiet har prøvd å stanse demonstrantane med tåregass og vasskanonar.

Foto: Gemunu Amarasinghe / AP

Forbod mot å drive politikk

Søndag demonstrerte tusenvis av demokratiforkjemparar i 20 thailandske byar. Det var då den femte dagen på rad med demonstrasjonar i landet.

Politiet anslo at det var rundt 20.000 unge demonstrantar i gatene, medan aktivistane sjølv meinte at det var langt fleire.

Måndag held demonstrasjonane fram, trass i faren for å bli smitta av covid-19, melder Reuters.

Misnøya i Thailand har auka etter at fleire opposisjonsleiarar fekk forbod mot å drive med politikk i februar.

Koronapandemien har dessutan gått hardt utover økonomien i landet.

Kravet til demonstrantane er at statsministeren i landet, den tidlegare hærsjefen og kuppmakaren Prayut Chan-o-cha, må gå av.

I 2014 leidde Prayut Chan-o-cha eit kupp som førte til at landet vart styrt av ein militærjunta dei fem neste åra. I denne perioden vart det skrive ei ny grunnlov, og i fjor vart det halde val slik at ei sivil regjering kunne overta, men det er framleis Prayut som er regjeringssjef.

Prayut Chan-O-Cha

Demonstrantane krev at statsministeren i landet, den tidlegare hærsjefen og kuppmakaren Prayut Chan-o-cha, må gå av.

Foto: Handout / AFP

Misnøye med kongen

Demonstrantane krev òg at nasjonalforsamlinga blir oppløyst, at grunnlova blir skriven på nytt og at trakasseringa av opposisjonen opphøyrer.

I Thailand er det òg strengt forbode å kritisere kongefamilien, ei lov som demonstrantane no ønskjer fjerna.

Lova er ein av verdas strengaste i sitt slag og inneber at personar som kritiserer eller krenkjer kongefamilien, kan dømmast til 15 års fengsel for kvart tiltalepunkt.

Thailands førre konge, kong Bhumibol Adulyadej (88) døydde i 2016. Han kom til trona i 1946, og var verdas lengst regjerande konge.

Den noverande kongen, Maha Vajiralongkorn, er svært upopulær blant folket. Vajiralongkorn var innblanda i fleire skandalar som kronprins, og i 2019 vart det store avisoverskrifter då han offentleggjorde bilete av seg sjølv og elskarinna si.

Slottet har førebels ikkje kommentert protestane til demonstrantane offentleg.

– Skulle vi få et militærkupp, vil det bli utført av personar som står nært kongen, trur PRIO-forskar Marte Nilsen.

– Men eit militærkupp vil ikkje løyse problemet – det vil starte ein ny runddans med ny udemokratisk grunnlov og undertrykking av politiske parti.

Thailand King Coronation

Kong Maha Vajiralongkorn er ikkje populær blant folket. Her blir han innsett som konge i 2016.

Foto: AP

SISTE NYTT

Siste nytt