Hopp til innhold

Professor: – Denne folkerøystinga splittar folket

ATEN (NRK): Det er eit stort feilsteg av regjeringa i Hellas å overlata spørsmålet om ein ny EU-kriseavtale til folket, meiner professoren og leiaren av Det norske instituttet i Aten.

Krise i Hellas går utover pensjonistene.

Isabella Sotiropoulo demonstrerer i Aten.

Isabella Sotiropoulou meiner at folkerøystinga over EU sitt forslag til ny kriseavtale er ein farse.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Søndag skal grekarane svara ja eller nei på om Hellas bør godta EU sitt forslag om ein ny kriseavtale.

Folkerøystinga er omstridd, også blant grekarar NRK snakkar med på gata. Mange veit ikkje om dei i det heile teke vil bruka røysteretten sin, eller kva dei eventuelt skal svara.

– Styresmaktene ber oss røysta over kompliserte spørsmål som me ikkje har inngåande kunnskap om. Kva slags føresetnader har me for å svara på noko som har blitt diskutert i EU i årevis? Dette gjer meg kjempesint, torar Isabella Sotiropoulou, ein av demonstrantane utanfor den greske nasjonalforsamlinga tysdag kveld.

– Fører til polarisering

Skeptisk er også UiO-professoren og leiaren av Det norske instituttet i den greske hovudstaden Aten, Panos Dimas.

Dimas meiner at folkerøystinga polariserer det greske samfunnet, noko som var tydeleg i dei to store demonstrasjonane for og imot EU-avtalen som nyleg fann stad utanfor det greske parlamentsbygget.

– Denne folkerøystinga deler folket. Eg skulle ønskja at den ikkje blei noko av, for dette landet og for venene mine sin del. Det siste Hellas treng no er eit delt folk. Grekarane må gå saman. Dei har ei tøff tid i vente og treng håp om at det finst ei løysing, seier professoren til NRK.

Ber folk stemma nei

I ein TV-sendt tale onsdag, gjentok statsminister Alexis Tsipras si klare oppmoding til folket om å røysta nei. Han argumenterer med at det vil gje regjeringa betre kort på handa ved forhandlingsbordet med kreditorane.

Dimas ved Det norske instituttet i Aten tvilar på at det å bruka folkerøystinga som eit pressmiddel er ein grundig gjennomtenkt strategi.

– Det er uklart for svært mange grekarar, inkludert meg sjølv, om folkerøystinga var planlagd frå starten eller om dette er eit resultat av mangel på kompetanse og uvitenheit. Men eg kan vanskeleg førestilla meg at regjeringa hadde planlagt å hamna i den situasjonen landet er i no, seier han.

– Nederlag for regjeringa å snu no

Det skal også vera usemje intern i regjeringa om det er ein god idé å la folket få bestemma. I løpet av dei siste dagane har det vorte spekulert i om folkerøystinga vil bli trekt tilbake og om det er konstitusjonelt mogleg.

– Eg har ikkje svaret på det, men å ta tilbake den folkerøystinga som dei med pomp og prakt kunngjorde, vil bli oppfatta som eit stort nederlag for regjeringa, påpeikar Dimas.

Trass i sin knallharde kritikk av den komande folkerøystinga, er ikkje demonstranten Isabella Sotiropoulou i tvil om kva ho vil svara på søndag.

– EU stiller tøffe krav, men situasjonen blir så langt mykje verre dersom Hellas fell ut av eurosonen og går tilbake til drakmen.

SISTE NYTT

Siste nytt