Rosling var professor i internasjonal helse ved Karolinska Institutet og forska blant anna om sambandet mellom økonomi og helse rundt om i verda. Han døydde i dag tidleg av kreft i bukspyttkjertelen, opplyser stiftinga Gapminder.
- «Edutainer»
Hans Rosling var ein svært ettertrakta foredragshaldar.
Foto: SVTHan døydde på sjukehuset med familien rundt seg. Familien har gjort det klart at dei vil sørgje i fred og ikkje vil uttale seg ytterlegare om dødsfallet. Meldinga frå Gapminder er underskriven av kona Anna Rosling Rönnlund og sonen Ola Rosling, som var med på grunnlegginga av organisasjonen i 2006.
Det heiter vidare at Rosling dei siste åra har jobba fem prosent som professor ved Karolinska og dei resterande 95 prosentane for Gapminder. Han vart verdskjend som foredragshaldar, der han spesialiserte seg på å informere om alvorlege spørsmål på ein måte som var både informativ og underhaldande.
Sjølv kalla Rosling seg for «edutainer», altså ei blanding av «education» (utdanning) og «entertainment» (underhaldning).
- Enorm innsats
Fungerande rektor ved Karolinska institutet, Karn Dahlman-Wright, seier dette om Hans Rosling:
– Innsatsen hans for folkehelse og folkeopplysing var enorm. Dei pedagogiske foredraga hans var banebrytande, både for evna til å få ut ny kunnskap og for å stikke hol på gamle fordomar om helsetilstanden i verda. Eg kan berre håpe at mange fleire vil følgje i fotspora hans.
VIDE: Rosling set journalisten på plass.
Internasjonalt kjent
– Over heile verda har fleire millionar menneske brukt våre verktøy for å forstå visjonen vår om eit faktabasert verdssyn som alle kan forstå. Vi veit at mange blir triste av denne meldinga. Han er ikkje lenger i live, men han vil alltid vere med oss. Og draumen om eit faktabasert syn på verda skal aldri få døy, heiter det i pressemeldinga frå Gapminder.
Hans Rosling
. Han gjorde stort inntrykk med denne forklaringsmodellen, og det vekte stor interesse på sosiale medium.Han vekte også stor oppsikt då han medverka i eit dansk TV-program for å snakke om fødselsutviklinga i verda. Her gjekk Roslin sterkt i møte med programleiaren, som sa at Europa var under press frå flyktningkrisa.
Han skapte seg eit stort internasjonalt namn, og han var blant anna ein nær ven av Microsoft-gründeren og velgjeraren Bill Gates.
– Ikkje under press
– Vi er ikkje under press. Vi er ein del av ei verd som har svært store ressursar. Så må ein avgjere kor mykje ein skal hjelpe til. Eg legg meg ikkje opp i den politiske debatten, men det har kome langt færre flyktningar hit enn det Europa greier å ta mot, sa han blant anna.
Rosling kom også med generell kritikk av nyheitsmedium generelt i programmet..
- Ein kan ikkje
. Media er bra på konkrete hendingar, men dårleg på det store overblikket, sa han til programleiaren.VIDEO: Hans Rosling om befolkningseksplosjonen