Hopp til innhold

Prins Philip heim frå sjukehuset

Hertugen av Edinburgh, prins Philip, gemalen til Storbritannias dronning Elizabeth, vart utskriven frå sjukehuset i føremiddag.

Prins Philip, Hertugen av Edinburgh.

Prins Philip reiste frå sjukehuset til Sandringham slott i dag.

Foto: FABIAN BIMMER / Reuters

Dette opplyser Buckingham Palace. Den 90 år gamle prinsen vart innlagt på sjukehus vesle julaftan, og vart hjarteoperert same dagen .

No reiser han til Sandringham slott, der han skal vere saman med dronninga andre medlemer av kongefamilien resten av jule- og nyttårshelga.

Prins Philip er i fin form, blir det opplyst frå Papworth-sjukehuset.

Den greskfødde prinsen har lenge vore ved god helse. Då han fylde 90 år i juni sa han at han såg fram til å trappe ned. Men i 2012 skal det markerast at dronning Elizabeth, som sjølv er 85 år, har vore dronning i 60 år. Dette vil truleg bety eit travelt år for det populære paret.

LES OGSÅ: Slik har de kongelige giftet seg

SISTE NYTT

Siste nytt