Hopp til innhold

Prins Philip avsluttar kongelege plikter

95 år gamle prins Philip, hertug av Edinburgh, avsluttar alle sine kongelege plikter, melder Buckingham Palace. Dronning Elizabeth skal halde fram som før.

Det blir slutt på båndklipping og offisielle utenlandsreiser når Prins Philip pensjonerer seg fra sine kongelige plikter i september.

Dei hofftilsette over heile landet fekk beskjed i natt om å møte på Buckingham Palace til eit hastemøte. Slike møter er svært uvanlege ved det britiske slottet skriv fleire britiske aviser. Møtet vart leia av Lord Chamberlain som er øvste sjef for den kongelege hushaldninga.

Spekulasjonane byrja å florere kort tid etter verda fekk nyss om hastemøtet.

Like etter klokka 11 torsdag føremiddag kom fasiten, prins Philip pensjonerer seg frå alle kongelege plikter. Han skal derimot fullføre alt han har planlagt ut august.

Laster Twitter-innhold

Den lengstsitjande gemalen
Dronning Elizabeth

Dronning Elizabeth skal halde fram med sine plikter som før.

Foto: Richard Pohle / AFP

Philip Mountbatten som han heiter, var sjølv av kongeleg slekt og medlem av både den greske kongefamilien og av den danske kongefamilien.

Philip er yngst og einaste gut i ein syskenflokk på fem, og er far til prins Charles, prinsesse Anne, prins Andrew og prins Edward.

I 2009 vart prins Philip den lengstsitjande gemalen i britisk kongehistorie.

Dronning Elizabeth held derimot fram som før.

Prins Philip, Hertugen av Edinburgh.
Foto: FABIAN BIMMER / Reuters

Fann kjærleiken like før krigen

På same måte som britane knapt kan hugse nokon annan monark enn dronning Elisabeth II, kan dei færraste huske å ha sett henne utan sin prins Philip. Dei møttest første gong rett før krigen braut ut for alvor. Historia vil ha det til at det var kjærleik ved første blikk.

Det var i 1939 at han første gong trefte prinsesse Elizabeth, som ho var den gongen. Ho var berre 13, men fall for den kjekke, unge kadetten.

Dronning Elizabeth med familie

Dronning Elizabeth, prins Philip og borna Charles, Anne og Andrew.

Foto: - / Afp

Men det vart ikkje bryllaup for etter andre verdskrig. Dei vart gift i Westminster Abbey, 20 november i 1947.

Storbritannia var framleis sterkt prega av øydeleggingane etter krigen, og dronninga måtte bruke kleskupongar for å få tak i stoff til kjolen.

Mista foreldra i tidleg alder

Familien til Philip måtte reise i eksil kort tid etter at han vart fødd. Mor hans var psykisk sjuk og ho vart etter kvart innlagd på psykiatrisk klinikk og trakk seg seinare inn i ein religiøs orden.

Far hans viste liten interesse for å oppdra borna og døydde tidleg. Philip vart tatt hand om av forskjellige slektningar i Tyskland og England.

Etter råd frå søstera Theodora, gjekk han på skulen Schule Schloss Salem. Seinare vart han sendt på internatskular i Frankrike og Skottland.

SISTE NYTT

Siste nytt