Hopp til innhold

Prins Henrik ramma av demens

Spesialistar ved Rigshospitalet i København har konkludert med at den danske prins-gemalen, prins Henrik, har demens.

Prins Henrik i 2014

Prins Henrik er ramma av demens, opplyser det danske kongehuset.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Dette går fram av ei pressemelding frå det danske kongehuset. Her heiter det vidare at som ein konsekvens av diagnosen, så vil prinsen i tida framover ytterlegare trappe ned på aktivitetane sine.

Spesialistane på Rigshospitalet har utført ei rad undersøkingar av prinsen i løpet av seinsommaren.

– Den ro som tilstanden krev

Dronning Margrethe.

Dronning Margrethe har ved fleire høve dei siste åra delteke på kongelege feiringar utan prins Henrik, som her i 70-årsdagen til kong Carl Gustaf i fjor.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Diagnosen inneber ei svekking av den kognitive funksjonsnivået til prinsen. Omfanget av svikten er ifølgje Rigshospitalet større enn forventa ut frå alderen. Dette kan medføre endringar i veremåte, reaksjonsmønster, dømmekraft og kjensleliv. Dermed kan det også påverke samspelet med omverda, heiter det vidare i pressemeldinga.

Her kjem det også fram at dronning Margrethe og resten av familien ynskjer at prinsen skal få den ro som tilstanden krev.

Det har lenge vore spekulasjonar omkring helsetilstanden til prins Henrik, og desse skaut fart etter eit intervju med danske Se og Hør i august. Her kom han med hard kritikk av dronninga, som han blant anna sa hadde halde han nede.

Dronning Margrethe og prins Henrik

Dronning Margrethe og prins Henrik fotograferte på 77-årsdagen til dronninga 16. april i fjor.

Foto: Henning Bagger / NTB scanpix

Vekte stor oppsikt

Det vekte også stor oppsikt då han i eit intervju tidlegare på sommaren sa at han ikkje ville gravleggjast saman med dronninga . Mange reagerte også då han ikkje deltok i feiringa av 75-årsdagen til dronning Margrethe i 2015.

Den offisielle forklaringa var at han var forkjølt, men kort tid etterpå dukka han opp på ferie i Venezia.

Dronning Margrethe kom også åleine til feiringa av det norske kongeparet sine 80-årsdagar tidlegare i år.

Dette fekk eldste sonen, kronprins Frederik, til å kritisere faren i eit intervju .

I nyttårstalen sin ved årsskiftet 2015/2016 sa dronning Margrethe av prins Henrik kom til å trekkje seg tilbake.

Kristi Marie skrede kommenterer prins Henriks demensdiagnose

VIDEO: Kristi Marie Skrede om prins Henrik.

Prins Henrik sin eldste son er ikkje fornøgd med at faren ikkje vil bli gravlagt saman med dronning Margrethe.

VIDEO: Kronprins Frederik om faren.

Lars Løkke Rasmussen.

Danmarks statsminister Lars Løkke Rsmussen seier at det har vore vanskelege tider for kongehuset dei siste månadene.

Foto: Eric Piermont / AFP

Danmarks statsminister Lars Løkke Rasmussen (V) seier dette i ein kommentar:

– Dei siste månadene har ikkje vore lette for kongehuset. Det har gjort meg vondt på same måte, som eg er sikker på, som det har gjort vondt for alle andre som set pris på kongehuset og heile den kongelege familie.

Fransk greve

Prins Henrik vart fødd i 1934 som Henri de Laborde de Monpezat med tittel som greve. Han tok namnet Henrik då han gifte seg med dåverande prinsesse Margrethe i 1967. Han fekk då tittelen prins av Danmark. Då Margrethe vart dronning i 1972, fekk han tittelen prinsgemal, men ifølgje Wikipedia har denne tittelen sjeldan vore brukt.

Han har vore kjend som svært språkmektig. Ved sida av å morsmålet fransk, snakkar han også flytande dansk, engelsk, kinesisk og vietnamesisk. Han har omsett fleire bøker frå fransk til dansk, og han har også gitt ut eit par diktsamlingar.

Pressemeldng frå Det danske kongehuset.

Dette er pressemeldinga som gjekk ut frå Det danske kongehuset i dag.

SISTE NYTT

Siste nytt