Hopp til innhold

Prins Harry og Meghan kalla inn til krisemøte med dronninga

Britanes dronning Elizabeth skal måndag ha ein alvorsprat med familien på Sandringham for å snakke om dei framtidige rollene til prins Harry og hertuginne Meghan.

Dronnig Elizabeth, meghan Markle og prins Harry

ALVORSPRAT: Dronning Elizabeth saman med hertuginne Meghan av Sussex og prins Harry på balkongen på Buckingham Palace i London. Måndag er det duka for ein alvorsprat.

Foto: Matt Dunham / AP / NTB Scanpix

Ifølgje BBC er det primært ein samtale mellom dronninga og prins Harry, der hertuginne Meghan deltar via telefon frå Canada, om tidsforskjellen tillèt det.

Ein talsperson for Sandringham opplyser at også prins Charles og prins William er venta å vere til stades måndag.

Prins Harry og Maghan Markle på en plakat. Fotgjengere rusler forbi portrettet av hertugparet av Sussex i London kort tid etter at det ble kjent at de vil ha en mer anonym rolle i kongefamilien.

KJENDISAR: Fotgjengarar ruslar forbi portrettet av hertugparet av Sussex i London kort tid etter at det vart kjent at dei vil ha ei meir anonym rolle i kongefamilien.

Foto: Frank Augstein / AP / NTB Scanpix

Onsdag vart det kjent at Harry og Meghan har bestemt å trekke seg tilbake frå fremre rekke i det britiske kongehuset. Avgjerda vart gjort kjent på paret sin Instagram-konto, og gjekk utanom alle vanlege informasjonskanalar.

Pris Harry og kona Meghan skriv at dei ønsker å bli økonomisk uavhengige og skal veksle mellom å bu i Storbritannia og Nord-Amerika, samen med sonen Archie.

Sandringham House

MØTESTADEN: Krisemøtet skal skje på dronning Elizabeth sin private eigedom Sandringham House i Norfolk.

Foto: John Fielding / CC BY-2.0

Kunngjeringa var uventa, og ikkje kjent for kongefamilien i England på førehand. Avgjerda og måten ho vart kjent på, har vekt stor oppsikt.

Ifølgje BBC skal dronninga, faren til Harry, prins Charles og broren. prins William ha ei rekke alternativ å legge på bordet for hertugparet av Sussex, slik at dei kan få meir fridom.

Store presseoppslag i Storbritannia: Prins Harry og Meghan Markle pryder avisforsider da hertugparets beslutning ble kjent.

STORE PRESSEOPPSLAG: Prins Harry og kona Meghan pryda avisforsidene då avgjerda deira vart kjent.

Foto: DANIEL LEAL-OLIVAS / AFP/NTB Scanpix

Både hertuginne Meghan og prins Harry har vore tydelege på at dei ikkje har trivst med den merksemda tabloidane i Storbritannia gir dei. Særleg i sosiale medium har hertuginna fått hard medfart, i dels rasistiske innlegg.

LES OGSÅ:

Prins Harry saksøker aviser for hacking

Den britiske kongefamilien «advarer» nettroll

SISTE NYTT

Siste nytt