Hopp til innhold

Prins Harry hevdar at prins William gjekk til fysisk angrep på han

I den nye boka si fortel Storbritannias prins Harry om ein konfrontasjon med broren i 2019 som han hevdar enda med at prins William slo han i bakken.

Prins William og prins Harry i september

Prins William og prins Harry fotografert då dei saman så på blomane som vart lagt ned utanfor Windsor Castle i samband med at bestemora deira døydde.

Foto: Martin Meissner / AP

Konfrontasjonen skal ha skjedd heime hos prins Harry i London i 2019. Han seier prins William kalla hertuginne Meghan, Harrys kone, for «vanskeleg, uhøfleg og ufølsam».

Det skriv avisa The Guardian som har fått tak i eit eksemplar av boka som kjem neste veke.

Sidan skal situasjonen mellom brørne ha eskalert, skriv prins Harry, Broren skal ha gripe han i kragen, drege av han halskjeda og slått han i bakken.

Prins Harry hevdar vidare at angrepet førte til at han fekk synlege skadar på ryggen.

Prins Harry: Spare

I Boka «Spare» kjem prins Harry med no påstandar om broren og hendingar i familien.

Foto: Penguin

Det britiske kongehuset har førebels ikkje kommentert innhaldet i boka eller skuldingane mot prins William.

– Oppsiktsvekkjande

Det er allereie venta at sjølvbiografien «Spare» vil føre til at forholdet mellom prins Harry og resten av den britiske kongefamilien blir ytterlegare forverra.

Forholdet vart kjøligare etter at prins Harry og hertuginne Meghan slutta å arbeide som kongelege i 2020 og flytta til USA.

The Guardian, som har fått tak i ei utgåve før lansering, kallar «Spare» for ei oppsiktsvekkjande bok, der krangelen mellom dei to prinsane utgjer eit oppsiktsvekkjande kapittel.

Harry skriv at William kom på besøk for å snakke om «katastrofen» som gjekk føre seg både i forholdet mellom dei og i tabloidpressa.

William skal allereie ha vore sint då han kom til Harrys bustad i London.

Krangel

Etter Williams karakteristikkar av hertuginne Meghan, skriv Harry at han fyrte tilbake. Det utvikla seg til ein krangel der dei begge ropte fornærmingar til kvarandre.

– Det heile skjedde så fort. Han tok meg i kragen, reiv i halskjeda mi og slo meg i bakken. Eg landa på matskåla til hunden, som sprakk under ryggen min. Skåra trengde seg inn i huda. Eg låg der ein augneblink, fortumla. Så reiste eg meg og bad han komme seg ut, skriv prins Harry.

Prins William skal så ha bede om unnskyldning, men sa også at han ikkje hadde gått til angrep på broren, ifølgje det Harry skriv.

Skjermdump fra Netflix-dokumentaren om prins Harry og Meghan

I Netflix-dokumentaren «Harry & Meghan» som kom i desember, kom det fram at det er sterke kjensler knytt til oppgjeret i familien.

Foto: RUBA / BACKGRID UK

Reserve

Det er knytt store forventningar til «Spare». Tittelen kan i denne samanhengen omsetjast med «reserven», eller meir negativt som den som er til overs.

Tittelen speler på uttrykket «an heir and a spare», altså at det er plikta til kongefamilien å skaffe «ein arving og ein reserve».

I samband med utgivinga har prins Harry gjort eit intervju som skal sendast førstkommande søndag. I klipp frå intervjuet seier Harry at han vil ha faren og bror sin tilbake og vere ein del av ein familie, ikkje ein institusjon.

Boka kjem også ein månad etter at prins Harry og hertuginne Meghans Netflix-dokumentar «Harry & Meghan» vart sleppt på strøymetenesta.

SISTE NYTT

Siste nytt