Hopp til innhold

Saudiarabisk prins funnen skuldig i tenar-drap

Ein saudiarabisk prins er funnen skuldig i drapet på ein av tenarane sine under eit ferieopphald i London.

Saudiarabisk prins går til åtak på tenaren sin

Den drapstiltalte prinsen går til åtak på tenaren sin i heisen på eit luksoushotell i London 22.januar i år. Overvakingsbileta har vore sterke bevis i den britiske rettssaka mot Saud Bin Abdulaziz Bin Nasir al Saud.

Foto: HO / Reuters

Den saudiarabiske prinsen, Saud Bin Abdulaziz Bin Nasir al Saud, blei funnen skuldig i tenar-drapet av ein britisk straffedomstol tysdag.

Overvakingsbilete frå luksushotellet og frå ein restaurant dei besøkte, har vorte brukt som bevismateriale i retten. Kamera har fanga opp valdsepisodar, der den saudiarabiske prinsen går laus på tenaren sin.

– Seksuelt motivert

Kong Abdullah av Saudi-Arabia (t.h.)

Den drapstiltalte prinsen er dotterson av Kong Abdullah av Saudi-Arabia (t.h.).

Foto: - / Afp

Den mannlege tenaren blei funnen drepen på eit rom på luksushotellet Landmark Hotel 15.februar i år. Prinsen, som er barnebarnet til Kong Abdullah av Saudi-Arabia, skal ha vore på ferie i London, og hadde med seg tenaren som reisefølgje.

Obduksjonen viste store skadar blant anna i indre organ, i hjernen, nakken, og ved ribbeina. Andletet var kraftig oppsvulma og tennene var øydelagde.

I løpet av den to veker lange rettssaka er det også komt fram påstandar om at prinsen er homofil, og at mishandlinga skal ha vore av seksuell karakter, ifølgje Reuters.

Bitemerker

Den tiltalte i politibil

Mannen på bilete er truleg den drapstilltale Saud Bin Abdulaziz Bin Nasir al Saud. Bilete er teke gjennom vindauget på ein politibil i slutten av februar i år.

Foto: Carl Court / AFP

Den tiltalte 34-åringen har forklart juryen at tenaren og han var «likestilte og vener», og hevda at han er heteroseksuell. Dette har ein av aktorane i the Old Bailey-domstolen argumentert sterkt imot, blant anna på grunn av bitemerker på liket.

Prinsen sjølv var ikkje tilstade i rettsalen tysdag. Forsvararen hans innrømte for dommarane at bevismaterialet var udiskutabelt, men at klienten hans ikkje hadde begått drapet med vilje.

– Grusomt, men ikkje mord

– Min klient må leva med følgjene av å ha teke livet av ein person. Ei grusom, klanderverdig og straffbar handling, men mord? spurde forsvarsadvokaten i retten tysdag ifølgje CNN.

No skal domstolen ta stilling til om drapet er overlagt eller forsettleg. Domsavseiinga kjem onsdag.

SISTE NYTT

Siste nytt