Mette-Marits fyrste reise etter sjukdommen blei kjent – skal feire prins Charles

Den norske kongefamilien blir godt representert når prins Charles feire sin 70-årsdag i London i neste veke. Både kongeparet og kronprinsparet har takka ja til festen på Buckingham Palace.

Stoltenberg, prins Charles og kronprinsesse Mette-Marit

Dåverande statsminister Jens Stoltenberg, prins Charles og kronprinsesse Mette-Marit på Lysebu i Oslo i 2010, da kronprinsessa var vertinne for prinsen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Det er mor, dronning Elizabeth, som er vertinne når sonen skal feirast. Festen er venta å bli overdådig, og kongelege frå heile Europa skal stå på gjestelista.

Frå før er det kjent at det danske kronprinsparet har takka ja. No stadfester det norske kongehuset at både kongeparet og kronprinsparet kjem frå Noreg.

Dette blir det fyrste offisielle oppdraget utanlands etter at kronprinsesse Mette-Marit fortalde at ho har fått ein kronisk lungesjukdom.

Venter på å bli konge

Prins Charles Philip Arthur George kom til verda på Buckingham Palace på kvelden 14. november 1948. Litt over tre år seinare blei mora, Elizabeth, dronning og Charles blei arveprins.

Heile livet har vore ei førebuing til livsgjerninga som konge. Men prins Charles er ikkje spesielt populær blant britane. Tidlegare i år viste ei meiningsmåling at berre ni prosent hadde prins Charles som favoritt i det britiske kongehuset, ifølgje International Business Times.

Prinsen var meir populær tidlegare, men populariteten fekk seg ein knekk etter at han skilde seg frå prinsesse Diana, og forholdet til Camilla Parker Bowles blei kjent. Og han nådde botnen då Diana døydde i ei bilulukke i Paris i 1997.

Prins Charles i BBC-dokumentaren Price, Son and Heir: Charles at 70

Prins Charles i BBC-dokumentaren Price, Son and Heir: Charles at 70

– Den best budde monarken i historia

I 1995 sa prinsesse Diana i eit TV-intervju at prins Charles ikkje ønska å bli konge, og at han ikkje var skikka til rolla. Men det blei seinare avvist av Simon Lewis, som var kommunikasjonssjef for dronning Elizabeth mellom 1998 og 2001.

– Prins Charles kjem truleg til å bli den best førebudde monark i historia, og eg trur han kjem til å bli ein god konge. Sjølv om Charles vegrar seg for å snakke om at han ein gong skal bli monark, som vil seie at mora døyr, held førebuingane fram.

Ingen annan britisk monark har regjert like lenge som dronning Elizabeth. Ho var knappe 26 år då ho blei dronning. No er ho 92, og dagen då sonen skal ta over, rykker stadig nærmare.

Lovar å dempe seg

I ein dokumentar på BBC i samband med 70-årsdagen opnar prins Charles endeleg opp om korleis han trur han kjem til å bli som konge.

Som prinsen av Wales har Charles engasjert seg i ei rekke saker og debattar. Han har blant anna starta arkitekturdebatt, engasjert seg i miljø- og klimasaker. Men den dagen han blir konge, sluttar han med dette.

– Eg kan ikkje både vere prinsen av Wales og monark. Tanken på at eg skal halde fram med å engasjere meg er utenkeleg. Så dum er eg ikkje. Dei to rollene er veldig forskjellige, seier han til BBC.

BRITAIN-ROYALS/CHARLES

Prins Charles kjem til et hesteløp på Royal Ascot saman med kona, hertuginne Camilla.

Foto: PETER NICHOLLS / Reuters

I dokumentaren fortel også kona hans, hertuginne Camilla av Cornwall, at prins Charles er klar for det som måtte kome.

– Han veit at den dagen vil kome, og eg trur ikkje det tynger han. Det er ikkje noko han snakkar om, men noko som berre kjem til å skje.

Samtidig skulle ho ønske at britane kunne blitt betre kjent med ektemannen og humoren hans.

– Folk ser nok på han som ein veldig seriøs person, og det er han. Men kunne ønske at dei også fekk sett dei lysare sidene hans.

Aktiv prins

BBC har følgd prins Charles og familien hans i eitt år. Dei har fått vere med i kulissane på mykje av det som har skjedd det siste året. Blant anna bryllaupet mellom prins Harry og Meghan Markle på forsommaren.

Kongelig bryllup i Storbritannia

Prins Charles forlèt bryllaupet til prins Harry og Meghan Markle. På sin høgre side har han Meghan Markes mor Doria Ragland, og på sin venstre har han hertuginne Camilla.

Foto: Neil Hall/Pool / Reuters

Prins Harry seier i dokumentaren at dei var takksame for måten faren stilte opp og førte Markle opp kyrkjegolvet på den store dagen.

– Eg spurde han, og eg trur han visste at det ville kome. Han sa umiddelbart ja, og at han ville gjere det vi hadde behov for.

70 år er ein alder der mange har byrja å tenke på å trappe ned frå arbeidslivet. Men prins Charles er ein aktiv prins med mange jern i elden. Men prins William seier i dokumentaren at han skulle ønske faren hadde hatt litt meir tid til barnebarna han etter kvart har fått.

– No som han er inne i sitt 70. år, er det kanskje den beste tida å samle seg litt. Han er den sprekaste mannen eg kjenner, men eg ønsker han skal vere like sprek når han er 95.

Kulturmannen

I samband med 70-årsdagen til prins Charles har det britiske kongehuset også lagt ut ei liste med 70 faktum om prinsen. Her får vi blant anna vite at prinsen er svært kulturinteressert, og også er utøvande innan fleire kunstgreiner.

Han er forfattar, og har skrive både skjønnlitteratur og sakprosa. Han er også ein ivrig målar. I 1987 blei ein akvarell stilt ut under sommarutstillinga til Royal Academy, etter at biletet var sendt inn anonymt.

I 1975 blei prins Charles medlem av trylleorganisasjonen Magisk sirkel etter ein audition der han gjorde eit triks med ein kopp og ballar.

Han har også gjort fleire gjesteroller i film og TV, blant anna i serien Coronation Street i 2000.

Prins Charles har også meldt vêret på BBC.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt