NRK Meny
Normal

Prestisjetung æresmedalje til drapstrua journalist

Som den siste embetsgjerninga før han går av som italiensk president, har Giorgio Napolitano gitt den mest prestisjetunge æresmedaljen landet har til den sicilianske journalisten Lirio Abbate (43). Han står på dødslista til mafiaen og har levd med politivakt døgnet rundt sidan 2007.

Den italienske journalisten Lirio Abbate.

Den drapstrua journalisten Lirio Abbate har fått den høgste æresmedaljen ein sivil italienar kan få.

Foto: © Tony Gentile / Reuters / REUTERS

Å gi denne høgthengjande æresprisen, Republikkens fortenestmedalje, til Lirio Abbate blir sett på som ei viktig symbolsk handling frå presidenten. Medaljen er den høgste utmerkinga ein sivil italienar kan få.

Som journalist har Abbate drive undersøkjande journalistikk på høgt plan og fleire gonger avslørt tette band mellom den sicilianske mafiaen Cosa Nostra og italienske politikarar.

Dette arbeidet gjorde blant anna at Abbate, som den einaste journalisten, var til stades då mafiatoppen Bernardo «Traktoren» Provenzano vart arrestert i april 2006 , etter 43 år på flukt frå politiet. Då politiet via telefonavlytting fekk nyss om at mafiaen la planar om å drepe Abbate, fekk både han, kona og borna politivakter døgnet rundt.

Truslar og drapsforsøk

Italias president Giorgio Napolitano

Italias president Giorgio Napolitano (i midten) har varsla sin avgang.

Foto: FILIPPO MONTEFORTE / Afp

Året etter greidde politivaktene å hindre at to menn plasserte ei bombe under bilen til journalisten. Dette drapsforsøket skjedde kort tid etter at han kome tilbake til Palermo, etter å ha vore borte frå byen ein periode på grunn av truslar.

I dag jobbar Lirio Abbate for vekemagasinetL'Espresso, men han har tidlegare vore tilsett både i La Stampa og nyheitsbyrået ANSA. Han hadde lenge base i Palermo på Sicilia, men bur og arbeider i dag i Roma.

Han har gitt ut fleire bøker om det omfattande samarbeidet mellom mafiaen og italienske politikarar.

Avsløringane hans har vore karakteriserte som oppsiktsvekkjande, og han har drive regelrett kriminaletterforsking på høgt plan. Så seint som i desember i fjor stod han sentralt i avsløringane av den såkalla «Mafia Capitale»- skandalen.

Korrupsjon i Roma

Her viste det seg at ei gruppering, under leiing av den tidlegare høgreekstreme terroristen Massimo Carminati, hadde sikra seg kontroll over selskap som skulle syte for bustader til flyktningar og andre heimelause i den italienske hovudstaden. Ved hjelp av omfattande korrupsjon sikra grupperinga seg store pengesummar frå den romerske bykassa .

Ein av undersåttane til Carminati vart avlytta av politiet medan han skrytte av kor mykje pengar dei tente på flyktningane, og sa blant anna at denne geskjeften var langt meir lukrativ enn narkotikahandel .

Lirio Abbate er ein av 17 nominerte til den store Ytringsfridomsprisen for 2015, for sitt banebrytande arbeid for å avsløre korleis mafiaen samarbeider med italienske politikarar.

I sitt takkebrev til president Napolitano skriv Abbate blant anna at han er stolt over ha fått denne æresprisen, og at det vil gi han og andre journalistar mot og styrke til å halde ryggen rak i arbeidet med å avsløre maktmisbruk i det italienske samfunnet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt