Hopp til innhold

Derfor er T.B. Joshua ein av Afrikas mektigaste

T.B. Joshua blir omtalt som både prest, spåmann, eksorsist og vellukka forretningsmann. Han skal ha «sett» Boston-bombene og MH370-styrten –og har bygd seg opp ein enorm popularitet i afrikanske land.

T.B. Joshua, også kalla "Profeten".

T.B. Joshua, også kalla «Profeten», står på lista over dei 50 mektigaste i Afrika.

Foto: Carley Petesch / Ap

Det var sist fredag at kyrkjesamfunnet T.B. Joshua har bygd opp i Lagos i Nigeria dukka opp i mediebiletet. Eit gjestehus inne på området til kyrkja kollapsa under påbygging, og minst 70 menneske miste livet.

Synagogue Church of all Nations (SCOAN) er ei av dei raskast veksande kyrkjesamfunna i verda. Med base i den nigerianske storbyen Lagos har T.B. Joshua, som går under tilnamnet «Profeten», og SCOAN vakse seg store og mektige, med tilhengjarar over store delar av verda.

Presidentar og statsministrar

Bygningskollaps i Lagos i Nigeria.

Minst 70 menneske omkom då gjestehuset til kyrkjesamfunnet SCOAN kollapsa sist fredag.

Foto: Sunday Alamba / Ap

T.B. Joshua reknar både presidentar og statsministrar i fleire afrikanske land blant tilhengjarane sine. Kyrkjesamfunnet hans har så mange tilhengjarar at politikarar som ynskjer å bli attvalde, må halde seg inne med han. Han har over TB Joshua Watch, .

Den første forklaringa hans etter bygningskollapsen sist fredag var at eit mystisk lågtflygande fly hadde krasja inn i bygningen. SCOAN sa tidleg at det også kunne ha vore ein ufo. Redningsmannskapa sa at medhjelparane hans først nekta redningsarbeidarar å kome inn på området, fordi berre nokre få personar var skadde.

Redningsmannskapa slapp ikkje inn på ulukkesområdet før dagen etter, og då vart det etter kvart klart kor stort omfang katastrofen hadde. Tirsdag kveld vart det klart at 67 sørafrikanske statsborgarar omkom då gjestehuset rasa saman. I dag blir det opplyst at det er funne 70 døde menneske i ruinane.

Nigerianske styresmakter har no starta innleiande undersøkingar på staden der bygningen rasa saman. Det blir opplyst at dei har teke kontakt med Lagos internasjonale flyplass for å høyre om det kunne ha vore eit fly som var årsak til kollapsen, men at dette er lite truleg.

– Forsterka ikkje fundamentet

Kjelder seier til nyheitsbyrået AFP at dei første undersøkingane viser at kollapsen var årsak til av at det vart sett opp tre nye etasjar på bygningen, utan å forsterke fundamentet

Det er så stor tilstrøyming av tilreisande til kyrkja at overnattingskapasiteten deira var sprengt.

Tomas Sundnes Drønen.

Professor Tomas Sundnes Drønen fortel at T.B. Joshua er ein av fleire nyrike og mektige kristenleiarar i Nigeria.

Foto: Misjonshøgskolen

Professor Tomas Sundnes Drønen ved Misjonshøgskolen i Stavanger har sjølv jobba som misjonær i Nigerias naboland Kamerun, og han har nyleg publisert ei bok om afrikanske kyrkjesamfunn av denne typen.

– T.B. Joshua går inn i ein tradisjon rundt nyrike kristenleiarar i Afrika. Andre liknande kyrkjesamfunn er Redeem Church, leidd av Enoch Addejare Adeboye, og Winners Chapel leidd av David Oyedepo. Eg trur alle dei tre er å finne på lista over dei 50 mektigaste i Afrika, seier Drønen til NRK.

Globale kyrkjesamfunn

Felles for dei tre er at dei har utvikla desse kyrkjesamfunna til å bli globale, fortel Drønen vidare. Dei har stor støtte i eksilmiljø til dømes i USA og Storbritannia, og dei har kombinert pastor-gjerninga med å vere dyktige forretningsmenn.

– Dette er karar som opererer over heile Afrika og også i Europa, og dei reiser med private jetfly. Ein mann som Oyedepo har til dømes i løpet av 12 år bygd opp eit eige universitet i Lagos til å bli det nest beste i landet, seier Drønen.

Professoren fortel at teologien deira bygg mykje på først å så, og deretter å hauste. Folk blir oppmoda om å gi pengar til kyrkjesamfunnet, og så skal dei hauste fordelar av det seinare. Dette har dei i stor grad henta frå amerikanske kyrkjesamfunn.

– Dette har fått ein heilt eigen afrikansk variant. Dei brukar eit amerikanisert språk som dei knyt opp mot den lokale afrikanske verksemda si. Det er veldig svart-kvitt, anten er det Gud eller så er det djevelen. Dette blir overført til ein afrikansk tradisjon, der ånder spelar ei svært viktig rolle.

250–300 migrantkyrkjer

Sundnes Drønen kjenner ikkje til om T.B. Joshua har tilhengjarar her i landet, men han veit at Redeemed Church har avdelingar i Stavanger og Oslo. Han reknar med at det er mellom 250 og 300 slike migrantkyrkjer her i landet, og at mange av dei er såkalla pentekostale, eller karismatiske. Svært mange av desse har band til dei store afrikanske kyrkjesamfunna.

– Dei har eit enormt sterkt misjonsdriv, dei vil gjerne omvende Vesten. Det som skil dei mest frå den norske statskyrkja er første og fremst at dei har større fokus på det åndelege og på økonomi. Dei meiner forholdet til Gud har ein konsekvens for korleis ein lukkast i jobben og på andre måtar i samfunnet. Det at leiarane er så rike, gjer at dei kan stå fram som eksempel, seier han vidare.

Tomas Sundnes Drønen, som er professor i globale studium og religion, fortel at SCOAN, The Redeem Christian Church og Winners Chapel har stor fokus på Internett. Dei utnyttar moderne teknologi på ein heilt ny måte, seier han. Dei har lært av amerikanarane, men har teke det til ein ny dimensjon ved å bli endå flinkare.

Drønen gav nyleg ut boka «Globalisation, Pentecostalism and Islam in Northern Cameroon». Han arbeider no på eit kapittel om migrantkyrkjelydar i Rogaland i ei bok om religion i fylket.

Bygningskollaps i Lagos.

Minst 70 menneske omkom, og over 100 vart skadde, då eit gjestehus kollapsa i Lagos sist fredag.

Foto: Sunday Alamba / Ap

Langt svangerskap

Tilbake til T.B. Joshua, eller Temitope Balogun Joshua, som er døypenamnet hans. Han er fødd 12. juni i 1963 i Arigidi i Nigeria. Ifølgje den offisielle biografien om han var det heilt spesielle omstende rundt han heilt frå fødselen.

Medan eit normalt menneske er i mors mage i rundt ni månader før det kjem ut i verda, så oppheldt T.B. Joshua seg i magen i heile 15 månader. Berre sju dagar etter fødselen så overlevde han ein kraftig eksplosjon som ramma eit steinbrot like ved, og mange steinar slo gjennom taket i huset til familien.

Som barn utmerkte han seg som svært interessert i bibelen, og han fekk raskt tilnamnet «den vesle pastoren». Han har fortalt at han fekk ei openberring frå Gud om at han skulle starte eit nytt kyrkjesamfunn.

The Synagogue, Church of All Nations, SCOAN, vart starta opp med berre nokre få tilhengjarar i starten. I dag deltek 15.000 menneske på gudstenestene, og dei har levande kyrkjelydar både i nabolandet Ghana og i Storbritannia.

Omstridd kyrkjeleiar

SCOAN er omstridd både i Nigeria og i utlandet. TV-stasjonen til kyrkjesamfunnet, Emmanuel TV, sender ut store mengder videoar som viser at T.B. Joshua lækjer menneske med aids og andre dødelege sjukdomar. Dei viser han drive ut vonde ånder av menneske, og det er sendt ut videoar der han blant anna skal ha spådd at det malaysiske passasjerflyet MH370 skulle styrte.

Han skal også ha «sett» bombene mot Boston marathon i fjor og resultata av det nigerianske fotballandslaget sine kampar.

Folk som tvilar på evnene hans har laga ei eiga nettside, som dei kallar TB Joshua Watch, , der dei teke føre seg ein del av det som blir lagt ut. Her blir det blant anna påstått at spådomane T.B. Joshua kjem med ikkje er meir imponerande enn det er å spå at det vil falle snø i Noreg i løpet av vinteren.

Kritikarane meiner at T.B. Joshua snakkar på ein måte som gjer at videoopptaka er lette å redigere i ettertid, slik at det verkar som om han har «sett» alvorlege hendingar på førehand.

Restane av den kollapsa bygningen i Lagos.

Det var mykje igjen av bygningen etter kollapsen.

Foto: Sunday Alamba / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt