NRK Meny
Normal

Presset Gaddafi truer med blodbad

Mens amerikanske krigsskip er på veg mot Libya, har Muammar al-Gaddafi sendt soldatane sine ut i nye valdelege kampar mot demonstrantane.

Libya

Heile verda følgjer situasjonen i Libya med argusauge.

Foto: Zuma Press / Reuters / Ap / AFP

Gaddafi heldt onsdag ein ny tale til folket

– Verda har misforstått det politiske systemet i Libya, seier Muammar Gaddafi i ein TV-tale onsdag.

Foto: AFP

Situasjonen i Libya tilspisser seg. Forsøket på å gjenerobre den austlege byen Brega er det første teiknet på at Muammar al-Gaddafi har starta ein koordinert motoffensiv mot opposisjonen i landet.

Samtidig skaper eksplosjonar kaos i Hovedstaden Tripoli, og det internasjonale presset på det libyske regimet aukar stadig.

I ein ny TV-tale seier Gaddafi at Libya har et folkestyre, og avviser at det er intern uro i landet.

Amerikanske marineskip er onsdag på veg til Middelhavet, og Libya blei tysdag kastet ut av FNs råd for menneskerettar.

Minutt for minutt

Dette skjer i Libya i dag, onsdag 2. mars:

18.40: Frankrike sender sitt nest største krigsskip, «Mistral», til kysten utafor Libya. Skipet skal hjelpe til i ein EU-leidde plan med å evakuere flyktningar, opplyser forsvarsdepartementet.

17.36: Et libysk krigsfly skal ha sloppe ein bombe like ved et universitet som utdannar oljeingeniørar i den austlege byen Brega, opplyser nyheitsbyrået Reuters.

17.30: USA er langt unna å kunne avgjere å innføre ein flyforbodssone over Libya, opplyser utanriksminister Hillary Clinton i det amerikanske Senatet.

16.20: Det nasjonale rådet, som er sat opp av demonstrantane som har tatt kontrollen øst i Libya, vil bestå av 30 medlemmer og ledes av landets tidlegare justisminister Mustafa Abdel Jalil.

Resten av denne artikkelen er skrevet på nynorsk:

15:53: Verdas Matvareprogram legg fram eit krisebudsjett på 38,7 millionar dollar, eller om lag 215 millionar norske kroner som skal gå til å hjelpa dei 2,7 millionar menneska som er råka av den humanitære krisa i Libya.

15.40: Minst 6000 menneske er drepne i opprøret mot Muammar Gaddafi dei siste vekene, ifølgje organisasjonen Den libyske menneskerettigheitsligaen.

15.32: Den tidlegare justisministeren i Libya, Mustafa Abdel Jalil, er av opposisjonen utnemnd som leiaren for eit nytt «nasjonalt råd». Rådet vil bestå av 30 medlemmer, opplyser ein talsmann til AFP.

15.21: Den internasjonale straffedomstolen (ICC) varslar at den torsdag vil namngje dei personane som er mistenkte for lovbrot mot menneska i samband med opprøret i Libya dei siste vekene.

15.19: Dei to amerikanske krigsskipa som er på veg mot Libya har passert gjennom Suezkanalen og er framme ved Middelhavet.

14.58: AFP melder om ein kraftig eksplosjon i Brega, der regimekritikarane er i kampar med regjeringsstyrkane.

14.43: Folk i Benghazi er meir avslappa, og familiar med små born har slutta seg til feiringar i gatene, fortel Al Jazeera-reporter Jacky Rowland.

– Dei har måla andleta sine med det libyske flagget, og seier ein ny nasjon skal oppstå, med namnet «Det Frie Libya».

14.34: To timar har gått sidan Gaddafi begynte talen sin. Han kjem no med nye trugslar om å kasta ut vestlege oljefirma til fordel for kinesiske og indiske selskap.

Libya sit på enorme oljereservar, om lag 44 milliardar fat.

13.55: Gaddafi trugar med blodbad dersom USA og NATO grip inn militært i det nordafrikanske landet.

13.40: Gaddafi seier FN si avgjerd om å sanksjonera Libya er basert på feilaktige rapportar. Han vil opna opp for ei internasjonal gransking av alt som har skjedd i landet dei siste to vekene.

– Verdssamfunnet har samansverja seg for å få kloa i Libya si olje, og for å kolonisera landet, seier den hardt pressa statsleiaren i ein tale.

12.54: Utanriksministrane i Den arabiske liga oppmodar styresmaktene i Libya til å stoppa valden og å respektera befolkninga sine rettar.

Den arabiske liga er ein politisk organisasjon med 22 medlemsland frå den arabiske verda.

12.38: Libysk fjernsyn viser Gaddafi som talar til tilhengjarane sine i Tripoli.

Høvet for talen er ei markering av at det er 34 år sidan «Gaddafi gav makta til folket». Gaddafi gjentek i talen at han ikkje har politisk makt i landet.

– Me stikk fingrane i augo på dei som tvilar på at Libya er styrt av folket, seier han til eit applauderande publikum som hyllar statsleiaren med utrop som «Du er Allahs son».

11.36: Minst 14 menneske er drepne i kampane i byen Brega i dag, ifølgje TV-kanalen Al Arabiya.

11.24: Opprørarane seier til internasjonale nyheitsbyrå at dei har slått tilbake mot regjeringsstyrkane som tidlegare forsøkte å ta kontroll over byen Brega.

– Dei forsøkte å ta Brega i dag tidleg, men dei greidde det ikkje. Byen er
tilbake i dei revolusjonære sine hender, seier ein talsmann for 17.
februar-koalisjonen, Mustafa Gheriani.

Video Militær trening av opposisjonshæren i Libya

Opposisjonshæren i Libya får militær trening av deserterte regjeringssoldatar.

Foto: Nyhetsspiller

10.58: Også i vest har det vore teikn til motoffensivar, ifølgje NTB. Ein journalist i Tunisia observerte Gaddafi-lojale styrkar som tok tilbake ein grensepost, medan innbyggjarar i Nalut seier dei fryktar at Gaddafi sine folk vil gå til åtak der.

10.50: Ein talsmann for den libyske regjeringa avviser rapportane om at regjeringsstyrkar har gått til åtak på fleire austlege byar i dag.

– Det tvilar eg på. Dette er nok usanne opplysningar, seier Mussa Ibrahim til Reuters.

10.43: I tillegg til Brega, som er ein viktig terminal for oljeeksport, skal også byen Ajdabiyah ha vorte bomba frå lufta i morgontimane. Det går føre seg bakkekampar mellom partane fleire stader aust i landet.

10:31: Offiserar som har gått over på demonstrantane si side stadfestar at regjeringsstyrkane har teke seg inn i byen Brega.

– Det er sant. Det var bombing frå lufta, og Gaddafi-styrkane har teke byen, seier offiser Mohamed Yousef til Reuters.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

10:10: Behover for humanitær hjelp i Libya og på landegrensene er enormt, varslar Raudekrossen i ei pressemelding. Hjelpeorganisasjonen legg no planar for å hjelpa 100 000 menneske i løpet av dei neste seks månadene.

Libysk Raude Halvmåne trur så mange som 2,5 millionar menneske vil ha behov for hjelp når omfanget av krisa blir kjent.

10.05: Italienske styresmakter seier det er svært sannsynleg at Gaddafi vil gjera eit siste desperat stikk i forsøk på å overvinna opposisjonen.

09.24: Ein tankbil fullasta med bensin har gått i lufta i sentrum av hovudstaden Tripoli. Eksplosjonen skal ha skjedd i nærleiken av området der den libyske leiaren Muammar Gaddafi held til. Det er førebels ikkje meldt om døde, og årsaka til uhellet er ukjend.

Video Eksplosjoner i Tripoli

Ein tankbil fullasta med drivstoff eksploderte i Tripoli i dag tidleg.

09.20: Krigsfly har bomba den austlege byen Brega, der opprørarane hadde teke styringa over ein militærbase og eit våpenlager, opplyser Al Jazeera.

Gaddafi-tru styrkar er på offensiven, og forsøker å atterobra byar i aust. Det er valdelege samanstøytar mellom regjeringssoldatar og opposisjonen.

Dette er den mest vellukka militære framstøyten Gaddafi har gjennomført sidan opprøret starta for to veker sidan.

USAs marinefartøy USS Kearsarge

Det amerikanske marinefartøyet USS Kearsarge vil truleg nå fram til Middelhavet seint i kveld.

Foto: HO / Afp

08.11: To amerikanske marinefartøy er på veg gjennom Suezkanalen med kurs for Libya, melder nyheitsbyrået Reuters. Dei to skipa har med seg 800 marineinfanteristar, ein flåte med helikopter og medisinsk utstyr.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt