Domstolen har også slått fast at det må haldast val på ny president innan 60 dagar frå i dag.
I går sa statsminister Mohamed Ghannouchi at han var fungerande president fordi «president Zine al-Abidine Ben Ali inntil vidare var forhdindra frå å utføre pliktene sine».
LES OGSÅ:
Samlingsregjering
Dermed er det Foued Mebazaa og ikkje Ghannouchi som er den øvste leiaren i landet, skal ein tru grunnlovsdomstolen. Det er uklart om det er nokon konflikt mellom dei to.
Ghannouchi har kalla inn til eit møte med opposisjonspartia i dag med målsetning om å danne ei nasjonal samlingsregjering.
Det er langt rolegare i hovudstaden Tunis enn det har vore siste dagane, og soldatar patruljerer gatene for å hindre ny uro og plyndring. Det er likevel meldt om ein god del plyndring av butikkar.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
I går kveld og i natt har vandalar på plyndringstokt sett fleire bygningar i brann.I dag tidleg stod jernbanestasjonen i Tunis framleis i brann, og det stakk flammar opp frå fleire kjøpesenter.
Opne flyplassar
Alle flyplassane i landet har opna for normal trafikk igjen, men det skal vere ein del innstillilngar på grunn av uroa. Det er venta at trafikken vil gå tilnærma som normalt frå i morgon.
Den avsette presidenten er no i Saudi-Arabia. Det er uklart om han har tenkt å slå seg ned i kongeriket, eller om det berre er ein stopp på veg til ein annan stad. Det er også uklart om kona Leila Ben Ali er med han til Saudi-Arabia. I går kveld vart det meldt at ho oppheldt seg i Quatar.
Både Frankrike og Italia skal ha nekta å ta mot den flyktande tunisiske presidenten.
LES OGSÅ: