Hopp til innhold

Presidenten på Sri Lanka seier at terroristleiaren er død

På Sri Lanka jaktar politiet på fleire titals personar dei meiner er knytte til terrorgruppa IS. Samtidig seier presidenten at hovudmannen bak terroråtaka er død.

Terroristar Sri lanka

På propagandanettstaden Amaq har IS lagt ut eit bilete av åtte menn som dei seier står bak terroråtaka på Sri Lanka i påska. Mannen i midten skal vere identifisert som Zahran Hashim.

Foto: Ho / AFP

Zahran Hashim er mannen som skal ha leia den lokale islamistgruppa National Thowheeth Jama'ath, som styresmaktene meiner står terroråtaka på Sri Lanka.

Hashim er også identifisert som ein av mennene i videoen som IS publiserte tidlegare denne veka, då gruppa hevda at dei stod bak åtaka.

Minst 250 menneske vart drepne då hotellet Shangri-La, to andre luksushotell og tre kyrkjer blei angripne søndag.

– Etterretningstenester har sagt til meg at Zahran blei drepen under åtaket mot Shangri-La, seier president Maithripala Sirisena.

Sirisena og ickremesinghe

Presidenten på Sri Lanka Maithripala Sirisena (t.v.) og statsminister Ranil Wickremesinghe.

Foto: ISHARA S. KODIKARA / AFP

– Terroristane fekk hjelp

Sjølv om styresmaktene seier at det er den lokale islamistgruppa NTJ som står bak åtaka, trur dei også at gruppa at har fått hjelp utanfrå Sri Lanka.

På torsdag sa statsminister Ranil Wickremesinghe at angriparane var velståande nok til at dei kan ha finansiert heile terroraksjonen på eiga hand, men at dei må ha fått hjelp utanfrå til trening og bombeproduksjon.

Statsministeren har også sagt at nokre av dei som utførte åtaka på søndag hadde reist i Syria, men han sa ikkje om dei hadde kjempa for IS eller ikkje.

En av de mistenkte selvmordsbomberne i Sri Lanka ble fanget opp av overvåkningskameraer.

Eit overvakingskamera filma ein av dei mistenkte sjølvmordsbombarane på Sri Lanka.

Sjølv om IS hevdar dei står bak åtaka er dette informasjon som ikkje er stadfesta av andre. Terrorgruppa har fleire gongar sagt at dei står bak åtak utan å leggje fram bevis for at dette stemmer.

Det er heller ikkje kjent om Hashim har vore i direkte kontakt med IS, eller om han berre har sverja truskap til gruppa. Etterforskarar jobbar derfor med å finne ut om gjerningsmennene faktisk fekk hjelp frå IS.

Presidenten seier at rundt 130 personar som er knytte til IS var i landet då åtaka skjedde. Politiet leitar etter rundt 70 av desse, som dei enno ikkje har fått tak i, melder BBC.

Sårbare land

Anne Speckhard er leiar for tenketanken The International Center for the Study of Violent Extremism. Ho vart ikkje overraska då IS sa at dei står bak.

I eit intervju med Foreign Policy seier Speckhard at namnet på den lokale islamistgruppa NTJ gir grunn til å tru at den er knytt til ideologi som kjem frå utanfor Sri Lanka.

Ho meiner det er viktig at etterretningsorganisasjonane ikkje må undervurdere grupper berre fordi dei er små.

– Små grupper kan mobilisere raskt. Verda er så tett kopla saman. I dei fleste åtak ser ein at nokon har snakka med nokon andre ein annan plass i verda, seier Speckhard.

Ho har intervjua meir enn 600 terroristar og familiane deira, inkludert avhopparar og personar som har kome tilbake etter å ha vore ein del av IS.

Sjølv om kalifatet er nedkjempa på bakken er ideologien til gruppa sterk. Ho kallar åtaka på Sri Lanka for «the wave of the future», ei ny bølge ho trur ein kjem til å sjå meir av i framtida.

– IS-krigarar som vender tilbake ser etter sårbare land dei kan råke, seier Speckhard, og viser til at Sri Lanka ikkje har ei historie med radikal islamistisk terror.

Terrorangrepene på Sri Lanka oppsummert på 45 sekunder

SISTE NYTT

Siste nytt