Tirsdag stemte Venezuelas nasjonalforsamling for å opne sak mot president Maduro. Dette skjer i etterkant av beskuldingar frå regjeringspartia om at nasjonalforsamlinga hånte militæret.
Mangel på mat og medisiner
Debatten i nasjonalforsamlinga endte med at det vart stemt for ein politisk rettssak mot president Maduro for å ha krenka demokratiet. Han blir anklaga for å ikkje ta ansvar.
Dei held han strafferettsleg og politisk ansvarleg for den økonomiske krisa Venezuela er i, som har ført til auka mangel på mat og medisiner i landet, melder AFP.
Onsdag er det varsla nye demonstrasjoner.
- Les også: Venezuela: – Passert grensa for diktatur
- Les også: Krever at Venezuelas president går av
Hevder Høgsterett er kontrollert av presidenten
Det er usikkerheit kring kva avstemminga frå tirsdag vil føre til. Opposisjonen hevder Høgsterett er kontrollert av presidenten. Den beslutta at vedtaket til nasjonalforsamlinga er ugyldig. Presidenten hevder det er eit kuppforsøk, og meiner den «ubrukelege» nasjonalforsamlinga prøvar å skade Venezuela.
Søndag var det fleirtal i nasjonalforsamlinga for å anklage regjeringa for statskupp, fordi den stoppa eit krav om folkeavstemming for å fjerne presidenten.
Kallar krisa ein «økonomisk konspirasjon»
Opposisjonen har lova masseprotester sidan presidenten nekter alle forsøk på å ta han av makta.
– Vi vil ikkje tillate eit parlamentarisk kupp av noko slag, seier Maduro.
Han kallar den økonomiske krisa ein« kapitalistisk konspirasjon». Meir enn 75 prosent av befolkninga er misfornøgde med den noverande presidenten, viser nylege målingar.
27 skada under protestaksjon
Analytikarar har åtvara om auka risiko for valdeleg uro. I 2014 døydde 43 mennesker i protester mot regjeringa. Studentgrupper hevder 27 vart skada under samanstøt med politiet under ein protest måndag.
Same dag greip Vatikanet inn, der Paven sin representant i landet, Emil Paul Tscherrig, deltok i eit møte med partane. I etterkant opplyste han at dei hadde gått med på å sette i gang formelle samtaler, skriver NTB.
Avviser samtaler
Tscherrig opplyste at samtalane ville starte på Margarita 30. oktober, men dette avviser opposisjonen å vere tilfelle. Henrique Capriles, representant for opposisjonskoalisjonen MUD, fortel at han fekk høyre om møtene på TV. Han anklager Maduro for å bruke paven i forsøket sitt på å halde på makta.
I 2015 fekk opposisjonen fleirtal i nasjonalforsamlinga for første gong sidan Hugo Cháves kom til makta i 1998. Det er dette som er utgangspunktet for konflikten.