NRK Meny
Normal

Full krangel i parlamentet i Venezuela

Nicolás Maduro, presidenten i Venezuela, anklager fleirtalet i nasjonalforsamlinga for å iscenesette eit kuppforsøk mot han. I nasjonalforsamlinga endte det med bråk.

Representanter fra regjeringsmakten og fra opposisjonen braste sammen i nasjonalforsamlingen i Venezuela tirsdag. Partiene med regjeringsmakt mente forsamlingens president hånte militæret. Debatten endte med at forsamlingen stemte for en politisk rettssak mot Venezuelas president Nicolás Maduro for å ha krenket demokratiet. Høyesterett og regjeringen avviser avgjørelsen.

VIDEO: Representanter frå regjeringsmakta og frå opposisjonen braste saman i nasjonalforsamlinga i Venezuela tirsdag.

Tirsdag stemte Venezuelas nasjonalforsamling for å opne sak mot president Maduro. Dette skjer i etterkant av beskuldingar frå regjeringspartia om at nasjonalforsamlinga hånte militæret.

Mangel på mat og medisiner

Debatten i nasjonalforsamlinga endte med at det vart stemt for ein politisk rettssak mot president Maduro for å ha krenka demokratiet. Han blir anklaga for å ikkje ta ansvar.

Dei held han strafferettsleg og politisk ansvarleg for den økonomiske krisa Venezuela er i, som har ført til auka mangel på mat og medisiner i landet, melder AFP.

Onsdag er det varsla nye demonstrasjoner.

Demonstrasjon mot Venezuelas president Nicolas Maduro

PROTEST: Det har vore ei rekke demonstrasjoner mot den sittande presidenten.

Foto: FEDERICO PARRA / Afp

Hevder Høgsterett er kontrollert av presidenten

Det er usikkerheit kring kva avstemminga frå tirsdag vil føre til. Opposisjonen hevder Høgsterett er kontrollert av presidenten. Den beslutta at vedtaket til nasjonalforsamlinga er ugyldig. Presidenten hevder det er eit kuppforsøk, og meiner den «ubrukelege» nasjonalforsamlinga prøvar å skade Venezuela.

Søndag var det fleirtal i nasjonalforsamlinga for å anklage regjeringa for statskupp, fordi den stoppa eit krav om folkeavstemming for å fjerne presidenten.

Nicolas Maduro

NEKTER Å GÅ: Nicolás Maduro nekter å tre av som president før han er ferdig med sin periode i 2019.

Foto: RONALDO SCHEMIDT / Afp

Kallar krisa ein «økonomisk konspirasjon»

Opposisjonen har lova masseprotester sidan presidenten nekter alle forsøk på å ta han av makta.

– Vi vil ikkje tillate eit parlamentarisk kupp av noko slag, seier Maduro.

Han kallar den økonomiske krisa ein« kapitalistisk konspirasjon». Meir enn 75 prosent av befolkninga er misfornøgde med den noverande presidenten, viser nylege målingar.

Gå til forsiden

Krise i Venezuela

Køståing i Venezuela

Krise i Venezuela

12 bilder

    27 skada under protestaksjon

    Analytikarar har åtvara om auka risiko for valdeleg uro. I 2014 døydde 43 mennesker i protester mot regjeringa. Studentgrupper hevder 27 vart skada under samanstøt med politiet under ein protest måndag.

    Same dag greip Vatikanet inn, der Paven sin representant i landet, Emil Paul Tscherrig, deltok i eit møte med partane. I etterkant opplyste han at dei hadde gått med på å sette i gang formelle samtaler, skriver NTB.

    Avviser samtaler

    Tscherrig opplyste at samtalane ville starte på Margarita 30. oktober, men dette avviser opposisjonen å vere tilfelle. Henrique Capriles, representant for opposisjonskoalisjonen MUD, fortel at han fekk høyre om møtene på TV. Han anklager Maduro for å bruke paven i forsøket sitt på å halde på makta.

    I 2015 fekk opposisjonen fleirtal i nasjonalforsamlinga for første gong sidan Hugo Cháves kom til makta i 1998. Det er dette som er utgangspunktet for konflikten.

    Laster innhold, vennligst vent..
    Laster innhold, vennligst vent..

    SISTE NYTT

    Siste nytt