NRK Meny
Normal

Presidenten i Mauritania er skoten

Presidenten i Mauritania er skoten. Ein patrulje frå den nasjonale hæren skal ved eit uhell ha losna skot mot bilkolonna han sat i.

Presidenten i Mauritania under et besøk på Malta

Augevitne avviser at skyteepisoden mot president Mohamed Ould Abdel Aziz var eit uhell, og fortel at væpna menn skaut målretta mot Aziz og stakk av etterpå (arkivfoto).

Foto: DARRIN ZAMMIT LUPI / Reuters

President Mohamed Ould Abdel Aziz var på veg tilbake til hovudstaden Nouakchott frå gardsbruket sitt i den nærliggande Inchiri-provinsen då det blei losna skot mot bilen han sat i, opplyser det offisielle nyheitsbyrået IMA.

Episoden skjedde laurdag kveld. Skota kom frå ei militæreining som patruljerte langs ein veg i den vestafrikanske øynasjonen.

Presidenten blei lettare såra, opplyser ein talsmann for styresmaktene til statleg media. Han har gjennomgått ein operasjon ved eit militærsjukehus i hovudstaden og fått fjerna ei kule frå kroppen.

På fjernsynet dagen etter

I ein fjernsynstale søndag forsikra presidenten nasjonen om at han var i god form.

– Eg vil gje innbyggjarane ro. Operasjonen i går kveld var vellukka takka vere eit effektivt legeteam, sa Aziz i talen.

– Eg kan forsikra alle om at helsa mi er god og at hendinga, som skjedde ved ein feil av ei hæreining på ein uasfaltert veg nær Touela. Eg takkar Gud for at eg har det bra, la presidenten til.

President Aziz blei søndag ettermiddag flogen til Paris for vidare behandling av eit skotsår, får Reuters opplyst frå kjelder i presidentstaben.

– Attentat-forsøk

Talsmann Handi Ould Mahjoub karakteriserer skytinga som «friendly fire» og som eit uhell.

– Dei kjende ikkje att kortesjen hans. Han er lettare såra og det erikkje fare for livet hans, sa talsmannen etter skyteepisoden laurdag.

Ei anna regjeringskjelde seier derimot at presidenten var gjenstand for eit attentat-forsøk.

– Presidenten blei lettare såra av ei kule i armen. Skota blei losna av ein bilist som skaut direkte mot han då han kom køyrande, hevdar kjelda.

Augevitne trur også at målet var å ta presidenten av dage, og fortel at væpna menn skaut mot Aziz og stakk av etterpå. Vitnene seier skyttarane sikta målretta mot presidenten.

Vestleg støttespelar mot al-Qaida

Mauritania har lenge vore prega av politisk uro, og får stadig terrortrugsmål frå militante tilknytta al-Qaida-nettverket.

Den tidlegare generalen Aziz vann presidentvalet etter eit kupp i 2008. Det var det siste av mange kupp sidan landet med om lag 3,4 millionar innbyggjarar oppnådde sjølvstende frå Frankrike i 1960.

Presidenten som blei styrta, Sidi Ould Cheikh Abdallahi, blei i 2007 Mauritanias første demokratisk valde president, etter ein overgangsperiode med militært styre.

Mange vestlege land ser på president Aziz som ein nøkkelalliert i kampen mot al-Qaida i regionen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt