NRK Meny
Normal

Presidenten i Burundi er avsett av militæret

Den øvste generalen i militæret i Burundi har kunngjort avsettinga av presidenten på radio, og har starta arbeidet med å danne ein overgangsregjering, melder nyheitsbyrået AFP.

Presidenten i Burundi

I Burundi hevdar ein offiser i hæren at presidenten er avsett, og at hæren har teke over makta. Talsmannen til presidenten avkreftar påstandane.

Foto: FRANCOIS GUILLOT / Afp/NTB Scanpix

I Burundi hevdar ein offiser i hæren at presidenten er avsett, og at hæren har teke over makta.

Like etterpå gjekk medietalsmannen til president Nkurunziza ut og sa at det heile var tull frå militæroffiseren si side.

Men no ser det altså ut til at fråsegna frå militæroffiseren stemmer.

– President Nkurunziza viser arroganse, han trassar det internasjonale samfunnet som har oppmoda han til å respektere landet si grunnlov og fredsavtalen, seier den tidlegare generalmajor Godefroid Niyombare.

Han seier at komiteen som er oppretta for å gjenopprette nasjonal semje, har bestemt at presidenten og regjeringa hans er avsett.

Kraftig uro den siste tida

Det har vore opptøyar og demonstrasjonar i landet den siste tida. Minst 20 menneske er drepne sidan uroa starta. Protestane har så langt ført til at 50 000 burundiar har flykta til nabolanda i frykt for at uroa ville spreie seg.

Uroa starta då det vart kjent at presidenten ville stille til val for ein tredje periode. Grunnlovsdomstolen i Burundi gav grønt lys til presidenten.

Krisesamtalar om Burundi

Samstundes som opplysningane om militærkupp kjem, så sit leiarane i samarbeidsorganisasjonen Det østafrikanske fellesskap i møter i Dar es Salam i Tanzania for å få slutt på valden i Burundi.

Dette er eit høgprofilert møte der ein håpar å verte samde om at presidenten skal utsetje valet den 26 juni, og trekkje sitt kandidatur.

Presidenten har sete med makta sidan den etniske konflikten i landet der 300 000 menneske vart drepne.

Saka held fram under biletet.

Protester i Burundi

Det har vore opptøyar og demonstrasjonar i landet dei siste dagane. Fleire er drepne, og mange er misnøgde med presidenten.

Foto: JEAN PIERRE HARERIMANA / Reuters/NTB Scanpix

UD rår mot å reise til Burundi

Torsdag åtvara Den afrikanske union om at tilhøva i Burundi ikkje egnar seg for å halde val.

Utanriksdepartementet rår folk frå å reise til eller opphalde seg i Burundi på grunn av uroa der. Norske borgarar som oppheld seg i landet eller planlegg reiser dit, vert oppmoda til å sjekke den norske ambassaden sine heimesider.

– Verdssamfunnet må handle

Flyktninghjelpen åtvara i førre veke at verdssamfunnet må handle for å avverje ein katastrofe i Burundi.

– Alle varsellampar blinkar i Burundi, alle alarmar går. Så kvar er brannmannskapane, spør generalsekretær Jan Egeland.

Han seier at mange gode folk prøver lokalt å gjere det rette for å avverje meir etnisk vald, men at teikna er svært, svært urovekkande.

– Det trengst ein samordna regional og internasjonal handling for å hjelpe dei i Burundi som ønsker å avverje ei ny katastrofe, sa Egeland på ein pressekonferanse i Genève i førre veke.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt