NRK Meny
Normal

Presidentar legg press på Gbagbo

Presidentane i Benin, Sierra Leone og Kapp Verde reiser til Elfenbeinskysten tysdag for å prøve å overtale president Laurent Gbagbo til å trekkje seg.

Laurent Gbagbo

Laurent Gabagbo nektar å gå av, trass i sterkt press frå det internasjonale samfunnet.

Foto: Ap

Tilhengere av Alassane Ouattara i Elfenbenskysten

Det har vore omfattande uro i Elfenbeinskysten dei siste vekene.

Foto: KAMBOU SIA / Afp

Dei tre presidentane representerer ECOWAS-landa i Vest-Afrika, som har trua med militær intervensjon om ikkje han etterlever valresultatet og går av.

Gbagbo nektar å overlate makta i landet til opposisjonskandidaten Alassane Outtara, som ifølgje FN vann presidentvalet i november.

LES OGSÅ: Truer med å bruke makt i Elfenbenskysten

LES OGSÅ: FN: – 173 drept i Elfenbenskysten

14.000 har flykta

Over 14.000 menneske har flykta frå Elfenbeinskysten til Liberia dei siste dagane, etter omfattande uro i landet. Minst 170 menneske har mist livet i uroa, som mange fryktar kan utvikle seg til borgarkrig i landet.

No vil landa i den økonomiske samarbeidsorganisasjonen ECOWAS gjere eit nytt forsøk på å få den stridige presidenten i Elfenbeinskysten til å trekkje seg.

Presidentkandidat Alassane Ouattara

Dei fleste er samde om at Alassane Ouattara vann presidentvalet i slutten av november.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

Etter at han ifølgje alle andre enn seg sjølv om hans nærmaste medarbeidarar og støttespelarar var det opposisjonskandidaten Alassane Outtara som vann presidentvalet. Men Laurent Gbagbo nektar å gå av og seier at han er den rettmessige vinnaren av valet.

LES OGSÅ: Bes forlate Elfenbenskysten

LES OGSÅ: Advarer mot å angripe FN-styrkene

Støtte frå hæren

Gbagbo har sterke støtte i dei væpna styrkane, og dette er truleg årsaka til at han tviheld på makta.

ECOWAS-landa har trua med militær intervensjon om ikkje han friviljug trekkjer seg, men dette avfeia han tidlegare i dag som tomme truslar. Han har ikkje tenkt å gi etter for press, sa han.

Heller ikkje ECOWAS-landa er innstilt på noko kompromiss. Nigerias utanriksminister Odein Ajurnogobia sa før toppmøteti ECOWAS starta i den nigerianske hovudstaden Abuja i går. Han var klar på at Gbagbo må trekkje frå presidentvervet, eller ta konsekvensane.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt